fredag 31. oktober 2008

DANS TIL FOLKET – et dogmedansprosjekt


Magnus Myhr og Rebekka Nystadbakk


I morgon er siste dagen du kan ta turen til Teatergaten og bli underholdt.
Eg er ihvertfall glad eg kom over desse herlege dansarane. Eg hadde ein avtale, men rekna god tid for å stikke nedom Sentralbadet.
Til Sentralbadet kom eg jo aldri, og grunnen finst på desse bildene.








Det er så herlig når slike overraskelsar dukkar opp og forandrar ruta di.

mandag 27. oktober 2008

"Steve Harley & Cockney Rebel" på Rick's. Årets begivenhet!

Det sveiv meg ikkje at eg skulle komme til å oppleve ein konsert med Steve Harley & Cockney Rebel.
Om eg ikkje hadde ein sønn som på 90 talet visste å bruke mammas vinylsamling for det den er verdt,
og blant andre skattar fann Steve Harley,
ville eg nok ikkje havna på Rick's lørd. 25.okt.2008.

Denne sønnen er den typen som ein dag kjem og seier : "Har du mamma lyst å bli med på Steve Harley konsert?....eg kan bestille billettar eg."
Og eg er den typen mamma som straks seier ja, og er lykkelig og forventningsfull.



Gud bedre som eg gleda meg!
Steve Harley!!!

Sjølv om eg visste det måtte bli bra
ja så ana eg ikkje kor bra det skulle bli!
Det er heilt klart årets begivenhet!


Ein dyktig gitarist forringar ikkje akkurat ein konsert.

Denne fiolinisten presterte ein solo der vi blei med til himmels utan å forlate jorda.

Dei var så fordømrade ujålete, dei entra scenen med de fantastiske låtane sine.
Dei hadde det openbart gøy, var lune og koselige, smilande, òg vanvittig rå...og dei la aldri på ekstra råskap.



Det var tydelegvis fleire enn Knut som har nytt godt av ei eller anna mammas (eller pappas) vinylsamling. Det var mange unge menn der, og nokon var tydelegvis blodfans.
Ein gjeng veldig unge menn kunne alle tekstane,
og Steve Harley var dirigenten som fekk heile salen til å synge så Bataljonen ville bli grøne av misunnelse.


...og kven kunne tru at fyren skulle bli så sexy på sine gamle dagar?

SLIDESHOW

SteveHarley.com

torsdag 16. oktober 2008

Nettsamfunnet ORIGO

Har du gjort deg kjent med Origo? Om du ikkje alt brukar Origo vil eg ile til med ei anbefaling.
Origo er eit norsk nettforum som dekkar dei fleste interesseområde. Eg aktar å la det dryppe litt Origo reklame framover. Der ligg det så mange muligheter, fritt til å bruke heilt gratis, og du beheld rettighetane til alt du legg ut der.

Der finst ei sone for dei fleste, og finn du ikkje ei som passar deg, kan du opprette ei.

mandag 13. oktober 2008

Å nyte, eller syte? - Thats the Question.

Det er omlag slik vi har det her i Bergen no. Ja, bortsett frå at det heng haustfarga blad på trea så er det slik som dette.
Eg var litt heldig som hadde dette liggjande på PCen, for eg greier ikkje bli glad i haustfargane.

Godværet forlot oss, og då møter eg utfordringa:
"Å vere glad for det som er akkurat no"
Ein dag blir god når eg er oppmerksom på det, men eg gløymer det så fort.

Er eg uoppmerksom, då gløymer eg å kjenne kor herlig friskt regnet er, då ser eg berre det gråe lokket som ligg over byfjella.

Den største utfordringa er haustfargane, dei greier eg ikkje bli begeistra for.
MEN vi kan jo ikkje greie alt heller, no vil eg berre nyte at eg nyt regnet, og så gir eg blanke i dei fargane.

TAKK PETUNIA!

Takk for award, Petunia.
Du er ei så himla kreativ, artig og positiv dame, at å få denne av deg er stas!!

Kjenner du ikkje Petunia, du finn bloggen hennar om du klikkar på denne linken ;)

lørdag 11. oktober 2008

HAR DU HØYRT?

Har du nokon gong høyrt Knut Reiersrud spele gitar?


Har du høyrt Jan Erik Vold lese dikt?


Har du høyrt Jan Erik Vold synge?


Det var dette vi fekk høyre på Landmark i går.

Først høyrde vi dikt av Wergeland, Obstfelder, Rolf JAcobsen.
Tenk deg det,
Jan Erik Volds stemme,
Reiersruds gitar.
Når han spelar er det jo som om kvar einaste tone blir født. Det er så mange dyktige gitaristar, men han har noko Reiersrudsk særeige,Reiersrud.

Hvis de ikkje var der, ja så kan de slett ikkje førestille dykk denne første delen av førestillinga.
Men kan de førestille dykk siste del?
Då sang Jan Erik Vold "Terje Vigen", til melodien “Alice’s Restaurant” av Arlo Guthrie

EG ER SÅ GLAD EG VAR DER!!
Takk Grethe, eg hadde ikkje visst om dette om det ikkje var for deg.

lørdag 4. oktober 2008

EG ER SÅ BEGEISTRA

Neida det var ikkje teateret eg meinte, sjølv om eg synest Den Nationale Scene er eit vakkert bygg.

Det var heller ikkje Ibsen eg hadde i tankane, men sjå der øverst til venstre. Den dama har eg latt meg begeistre av.
Ho er så kjekk å fotografere, og eg har slett ikkje teke mitt siste foto av den dama. Ho har fått meg til å knipse villig vekk, og boltre meg i Picasa.








UNDERLIG

En visktenpaleig unsdelrøkese gjort ved et untivseriet i Enlgnad har vist at desrom de to føsrte- og to siste botsvkeane i alle oredne i en tekst er riktig plessart, spllier det liten rolle hvkilen reføkkelge de øvirge boskvetane i oredne kommer. Tektsen er fullt lebsar selv om de andre bokeastvne kommer huilbtertlulter! Dette er fordi vi ikke leser hver eneklt botksav, men ser bidlet av ordet som hehleet.

Inresastaent!

Eg fann den her

fredag 3. oktober 2008

DET GLADE BUDSKAP

Eg registrerte nett at det var eit nytt regnbuesting hos Elisabeth, stakk innom og fann dette.

Det inspirerrte meg til å leggje ut dette bildet som eg tok i går på veg frå Nordnes. Det skil seg liksom frå alt anna eg har fotografert av Bergensveggen.



Eg vart sitjande og sjå på dette i går, og lurte på:
- Korleis ville eg reagert om huset var mitt og eg kom ut og såg dette?
- Korleis ville eg sjå ut idet eg oppdaga det?
- Korleis ville det første kvarteret forløpe?

Det meste av tags ville forløyse eit vokabular eg normalt ikkje bruker til kvardags, dette trur eg ville lede meg ut i faen og flir.

torsdag 2. oktober 2008

EG DIGGE DE'

Dette fotoet synest eg er så fornøyelig.Berre ta ein orntlig titt :)

Ved lille lungegården

Hus kler sol, parken kler folk.

fredag 26. september 2008

Rosa

Eg har berre ein rosa prikk å vise, men tek du ein tur inn til Elisabeth så får du sjå dei rosa sløyfene du kan vinne om du puttar pengar på NETTBØSSA.

torsdag 25. september 2008

HAUSTBLAD SLEPP

"HAUST VED FORTAUSKANTEN"

Når hausten kjem, då slepper trea ublygt blada overalt.
Først litt forsiktig som no,
men vi veit at om ikkje så lenge misser dei alle hemningar.
Då slepper dei alle blada i ei vende
og let dei virvle rundt i haustvinden.

Så står det att der treet
med eit og anna stusseleg blad
på ei og anna naken grein.

...og vi melder oss på julebord.

onsdag 24. september 2008

Kva skjer med sjøbodene?




Eg lurer på kva som føregår no.
Er det arbeid på gang for å sikre sjøbodene.
Blir noko gjort for å få brannsikring på plass?
- For å sørge for ordentleg vedlikehald?
- Kjem det offentlege midlar på bordet?




Eg blir flau.
No skulle vel vi her i Bergen gått inn i ein orntlig brainstorming: Korleis reddar vi sjøbodene?

Etter Skutevikbrannen gjekk det ikkje to dagar før musikkmiljøet hadde planane klare for å støtte dei som var ramma.

Vi andre er opprørt og skremt, men vi sit berre og sørger og ventar på at andre skal gjere noko.
Vi ventar at staten skal inn med midlar, vi forventar at dei som styrer med historie, kultur og "denslags" skal sørge for at noko blir gjort.
Det skal vi forvente òg, men vi behøver ikkje overlate alt til andre.

mandag 22. september 2008

BRANDSIGNAL Gamle Bergen



Det kunne sikkert gå like kjappt med bud som å ringe sentralen.


Eg vil tru dei har moderne brannsikring på plass i Gamle Bergen no.

søndag 21. september 2008

Bygget på Hegreneset.



Dette bygget på Hegreneset fascinerer meg slik at eg trur eg kjem til å fotografere det i senk.
Her har eg fotografert det frå Gamle Bergen.




Dersom du veit noko om bygget håpar eg du deler det i kommentar under her.

torsdag 18. september 2008

ORIGO SAFARIE i Gamle Bergen

Søndag 14.september møtte eg KnutG og Bjørn Tore frå Origo for å fotografere i Gamle Bergen.

A.Skauges landhandel var stengt...

...og når andre klasserom blir opna, då blir klasserommet i Gamle Bergen lukka.
Eg høyrde ei dame utbryte:"Stengt, det er jo en katastrofe!"

:) vel, eg forstår katastrofebegrepet på ein heilt annan måte, men her i Bergen er det ikkje berre på framsida av avisene det blir snakka i store bokstavar.

Ein lørdag heilt annleis enn det som var planlagt.

Denne helga har vore ein einaste lang fotosafarie.
Det starta lørdagen. Eg hadde tenkt å kikke litt på detaljane på Bryggen, men dit kom eg aldri.
Det har seg nemlig slik at eg ville ta ein kjapp tur oppom Sentralbadet først for å sjå om der var noko nytt på veggen.

Eg er bestandig aleine når eg er der, så overraskelsen var , ja på ein skala frå 0 til 10, så sprengde den skalaen då det viste seg å vere full aktivitet der.

Eg hadde havna midt oppi ein graffiti konkurranse.

Nordveggen var nesten tom då eg kom, men det varde ikkje lenge.

Spreke unge menn underheldt.


Og den her dama...



...ho skal til slutt gå hen og vinne heile kalaset!



Vil du sjå fleire i sving kan du kikke HER

fredag 12. september 2008

UBEHAGELEG MANGE BRANNAR I SANDVIKEN

I DAG VAR EG REDD
Forrige helg då det brann i Skutevikbodene tudde eg ikkje Knuts lokale kunne vere i eit brannramma bygg før han vakna og bekreftelsen låg i mobiltelefonen hans.

No då eg høyrde det brann i ei sjøbod på Måseskjæret...eg vart så redd!
Eg hadde denne ferske erfaringa med at vi òg kan bli ramma.
Mitt lokale er i Sandviksboder 73 på Måseskjæret, ansikt etter ansikt dukka opp.
Eg gjekk inn på BT, men der var ingenting om brannen då, men frå balkongen min kunne eg sjå at det var sant, det brenn i Sandviken denne helga òg.
Ansikta frå nr.73, frykten.

Dette var jo eit tidspunkt då dei godt kunne vere der alle sammen.
Eg ville ikkje ut der, men eg måtte vite, og ringde Else som leiger lokalet mitt.
Eg måtte berre høyre stemma hennar
... telefonsvarar.
Straks etter ringde Else.
Aldri har det vore så godt å høyre den stemma.

Det er skummelt mange brannar i Sandviken.
Forrige helg tenkte eg at dette begynner jo nesten å bli litt ekkelt.
No synest eg det er fryktelig ubehagelig, og det må spre seg frykt blant folk som bur i den gamle trehusbebyggelsen der ute.

mandag 8. september 2008

Nokon er heldige

I går trudde eg det nesten ikkje då eg fekk vite at dei hadde mist øvingslokalet sitt.
I dag trur eg nesten ikkje det er sant at dei alt har komme inn i nytt lokale.
The Vengeance party

Dei er berre ett av mellom 40 og 60 band som miste øvingslokalet sitt i brannen.
Fortsatt er nok mange på desperat jakt etter nye lokale.
Eg håpar berre at ikkje eit einaste band gjev opp på grunn av dette.
BA: To millioner i krisehjelp etter brannen

søndag 7. september 2008

Eg har et spørsmål, Knut.

Han har vore på nattevakt, og skal det igjen.
Det er enda ganske lenge før eg kan vekkje han, men eg har eit spørssmål som eg så inderleg gjerne skulle hatt svar på:

I kva Skuteviksbod er det de har øvingslokale?

Det første eg såg då eg gjekk inn på BT i dag var at det hadde vore nok ein brann i Sandviken.Først tenkte eg på bygningane som var gått tapt, og alt som kunne ha gått tapt.Det streifa meg at det er jo i Skuteviken Knut & co har øvingslokale no, men det var først då eg las dette i BA at eg verkeleg forstod at øvingslokalet deira kan liggje som svarte restar i ei branntomt.



Det høyrest kanhende dumt ut, men fortsatt reknar eg med at deira øvingslokale er i ei anna Skuteviksbod.

tirsdag 2. september 2008

Meir frå Asfaltjungelen.

Eg hadde fleire foto med meg heim frå forrige safari.

Asfalten er grå og kjedeleg, men så er det små fargeklattar innimellom som vi ser om vi berre kjem nær nok.
Asfalten minner meg litt om møte med menneske og miljø. Ofte skal vi komme ganske nær før vi verkeleg ser kva for fargeklattar dei er.



2814210568_583f7e63f7_s