fredag 26. september 2008

Rosa

Eg har berre ein rosa prikk å vise, men tek du ein tur inn til Elisabeth så får du sjå dei rosa sløyfene du kan vinne om du puttar pengar på NETTBØSSA.

torsdag 25. september 2008

HAUSTBLAD SLEPP

"HAUST VED FORTAUSKANTEN"

Når hausten kjem, då slepper trea ublygt blada overalt.
Først litt forsiktig som no,
men vi veit at om ikkje så lenge misser dei alle hemningar.
Då slepper dei alle blada i ei vende
og let dei virvle rundt i haustvinden.

Så står det att der treet
med eit og anna stusseleg blad
på ei og anna naken grein.

...og vi melder oss på julebord.

onsdag 24. september 2008

Kva skjer med sjøbodene?




Eg lurer på kva som føregår no.
Er det arbeid på gang for å sikre sjøbodene.
Blir noko gjort for å få brannsikring på plass?
- For å sørge for ordentleg vedlikehald?
- Kjem det offentlege midlar på bordet?




Eg blir flau.
No skulle vel vi her i Bergen gått inn i ein orntlig brainstorming: Korleis reddar vi sjøbodene?

Etter Skutevikbrannen gjekk det ikkje to dagar før musikkmiljøet hadde planane klare for å støtte dei som var ramma.

Vi andre er opprørt og skremt, men vi sit berre og sørger og ventar på at andre skal gjere noko.
Vi ventar at staten skal inn med midlar, vi forventar at dei som styrer med historie, kultur og "denslags" skal sørge for at noko blir gjort.
Det skal vi forvente òg, men vi behøver ikkje overlate alt til andre.

mandag 22. september 2008

BRANDSIGNAL Gamle Bergen



Det kunne sikkert gå like kjappt med bud som å ringe sentralen.


Eg vil tru dei har moderne brannsikring på plass i Gamle Bergen no.

søndag 21. september 2008

Bygget på Hegreneset.



Dette bygget på Hegreneset fascinerer meg slik at eg trur eg kjem til å fotografere det i senk.
Her har eg fotografert det frå Gamle Bergen.




Dersom du veit noko om bygget håpar eg du deler det i kommentar under her.

torsdag 18. september 2008

ORIGO SAFARIE i Gamle Bergen

Søndag 14.september møtte eg KnutG og Bjørn Tore frå Origo for å fotografere i Gamle Bergen.

A.Skauges landhandel var stengt...

...og når andre klasserom blir opna, då blir klasserommet i Gamle Bergen lukka.
Eg høyrde ei dame utbryte:"Stengt, det er jo en katastrofe!"

:) vel, eg forstår katastrofebegrepet på ein heilt annan måte, men her i Bergen er det ikkje berre på framsida av avisene det blir snakka i store bokstavar.

Ein lørdag heilt annleis enn det som var planlagt.

Denne helga har vore ein einaste lang fotosafarie.
Det starta lørdagen. Eg hadde tenkt å kikke litt på detaljane på Bryggen, men dit kom eg aldri.
Det har seg nemlig slik at eg ville ta ein kjapp tur oppom Sentralbadet først for å sjå om der var noko nytt på veggen.

Eg er bestandig aleine når eg er der, så overraskelsen var , ja på ein skala frå 0 til 10, så sprengde den skalaen då det viste seg å vere full aktivitet der.

Eg hadde havna midt oppi ein graffiti konkurranse.

Nordveggen var nesten tom då eg kom, men det varde ikkje lenge.

Spreke unge menn underheldt.


Og den her dama...



...ho skal til slutt gå hen og vinne heile kalaset!



Vil du sjå fleire i sving kan du kikke HER

fredag 12. september 2008

UBEHAGELEG MANGE BRANNAR I SANDVIKEN

I DAG VAR EG REDD
Forrige helg då det brann i Skutevikbodene tudde eg ikkje Knuts lokale kunne vere i eit brannramma bygg før han vakna og bekreftelsen låg i mobiltelefonen hans.

No då eg høyrde det brann i ei sjøbod på Måseskjæret...eg vart redd!
Eg hadde denne ferske erfaringa med at vi òg kan bli ramma.
Mitt lokale er i Sandviksboder 73 på Måseskjæret, ansikt etter ansikt dukka opp.
Eg gjekk inn på BT, men der var ingenting om brannen då, men frå balkongen min kunne eg sjå at det var sant, det brenn i Sandviken denne helga òg.
Ansikta frå nr.73, frykten.

Dette var jo eit tidspunkt då dei godt kunne vere der alle sammen.
Eg ville ikkje ut der, men eg måtte vite, og ringde Else som leiger lokalet mitt.
Eg måtte berre høyre stemma hennar
... telefonsvarar.
Straks etter ringde Else.
Aldri har det vore så godt å høyre den stemma.

Det er skummelt mange brannar i Sandviken.
Forrige helg tenkte eg at dette begynner jo nesten å bli litt ekkelt.
No synest eg det er fryktelig ubehagelig, og det må spre seg frykt blant folk som bur i den gamle trehusbebyggelsen der ute.

mandag 8. september 2008

Nokon er heldige

I går trudde eg det nesten ikkje då eg fekk vite at dei hadde mist øvingslokalet sitt.
I dag trur eg nesten ikkje det er sant at dei alt har komme inn i nytt lokale.
The Vengeance party

Dei er berre ett av mellom 40 og 60 band som miste øvingslokalet sitt i brannen.
Fortsatt er nok mange på desperat jakt etter nye lokale.
Eg håpar berre at ikkje eit einaste band gjev opp på grunn av dette.
BA: To millioner i krisehjelp etter brannen

søndag 7. september 2008

Eg har et spørsmål, Knut.

Han har vore på nattevakt, og skal det igjen.
Det er enda ganske lenge før eg kan vekkje han, men eg har eit spørssmål som eg så inderleg gjerne skulle hatt svar på:

I kva Skuteviksbod er det de har øvingslokale?

Det første eg såg då eg gjekk inn på BT i dag var at det hadde vore nok ein brann i Sandviken.Først tenkte eg på bygningane som var gått tapt, og alt som kunne ha gått tapt.Det streifa meg at det er jo i Skuteviken Knut & co har øvingslokale no, men det var først då eg las dette i BA at eg verkeleg forstod at øvingslokalet deira kan liggje som svarte restar i ei branntomt.



Det høyrest kanhende dumt ut, men fortsatt reknar eg med at deira øvingslokale er i ei anna Skuteviksbod.

tirsdag 2. september 2008

Meir frå Asfaltjungelen.

Eg hadde fleire foto med meg heim frå forrige safari.

Asfalten er grå og kjedeleg, men så er det små fargeklattar innimellom som vi ser om vi berre kjem nær nok.
Asfalten minner meg litt om møte med menneske og miljø. Ofte skal vi komme ganske nær før vi verkeleg ser kva for fargeklattar dei er.



2814210568_583f7e63f7_s

mandag 1. september 2008

Fotosafarie i asfaltjungelen

Det var asfalten som vart granska på gårsdagens "foto safarie"
Egentlig er det litt rart at det er ting vi ikkje i det heile tenkjer på at skal vere fint. Med vegar er det somregel slik. Det er ingen designerar som har via seg til veidekke. Jovisst har vi brolegneing enkelte stader, men orntleg designer veidekke, det har eg aldri sett.



Og så måtte eg jo leike meg litt:




2814210568_583f7e63f7_s