tirsdag 16. juni 2009

Søndagstur

Det er lenge sidan sist eg gjekk til by’n, men det er ein fin tur, og eg har jo slett ikkje vondt av det.

Og så finn vi jo alltid noko langs vegen

MELIS

Denne “melis boksen” har eg lagt merke til når eg fer forbi i buss eller bil. Melis har elles sett spor etter seg både på lovligveggen på sentralbadet og ved Smørsbroen.

MELIS

Og denne fyren eg møtte i Haukelandstunnellen er eg igrunnen glad eg ikkje kjenner personlig.

illegal graffiti

Stakkar Susann! Eg veit ikkje om ho er slengt eller plassert på gata.

Susanne

Eg forlot Susann og gjekk mot Sentralbadet. Aktivitetsnivået er høgt der på denne tid av året.

Ut og stjæle hester

Eg var alt i utgangspunktet begeistra for linjene og flatene i denne piecen.

Då eg kom tilbake kort til etterpå og tittelen på ein av mine favorittromanar var blitt ein del av den smelta eg jo.

Har du ikkje lest “Ut og stjæle hester” så løp til biblioteket. Det er ein nydelig, velskreven roman.

Ut og stjæle hester

Eg fekk ikkje sjå denne heilt ferdig, og heller ikkje desse under.

Sentralbadet 14.juni 2009

Sentralbadet 14.juni 2009

Det er mange aktive på veggen no, og ein piece får ikkje stå lenge. Litt synd for det er mykje arbeid og heilt sikkert litt trist å sjå det forsvinne like etter at dei er ferdige. Samtidig er det kjekt at det er så mykje aktivitet, og at vi stadig får sjå nye ting.

Eg trudde ikkje det skulle bli meir fotografering då eg putta kameraet i veska og gjekk for å ta bussen heim. Det var før eg kom inn i Sigurdsgate.

Der stod desse to, som eg mangla i C215 samlinga. Eg visste dei befant seg ein stad i by’n, men ikkje kor dei stod.

c215

c215 i Bergen

C215 er ein fransk gatekunstnar som besøkte Bergen i mai, og har etterlatt seg mange nydelige stencils som verkeleg gjer enkelte av gatene her meir interessante. Eg anbefaler å ta ein kikk på resten av det eg har lagt ut her.

Det var søndagsturen. Kanskje eg skulle gå på fjellet neste søndag :)

lørdag 13. juni 2009

Mannfolkarbeid og shopping

Medan mennene lagar bybane Photoshoppar eg.

JA, Photoshop installert, og eg som hadde tenkt å vente til hausten før eg begynner å shoppe var ein tur innom og vart hekta.

Eg har ikkje lært så mykje enda, men ah…det er gøy. Og det er himmelsk å tenke på alt eg skal lære. Men no får eg bruke det eg har lært.

 

 

 

onsdag 3. juni 2009

BLÅTT E’ FLOTT

 

Slikt hår har eg ønska meg i 30 år. Eg gjekk faktisk til frisør og bad om blått hår ein gong, men ho forstod ikkje kva eg meinte, – Bliz var så langt borte.

søndag 31. mai 2009

"Bergmund Waal Skaslien stryker med" på Oi-Oi festivalen.

 

Oi-Oi festival er gøy.

Eg får aldri med meg alt som føregår, men eg får alltid med meg noko.

I år fekk eg med meg Bergmund Waal Skaslien, Anja Aubert Bang og Kristine Solberg som,  strødde lyd i Bergen.

Allslags lyd.

Eg høyrde kattar, dører som trong å bli smurt,

og lydar vi slett ikkje vil høyre rundt bordet.

 

 

lørdag 21. mars 2009

C for Cantwo

Eg skal ikkje presentere berre graffiti og gatekunst i ABC i bilder, men Cantwo må få bli med når vi først har C i alfabetet. (Oy, neste veke er det D, puhu, greier eg å halde meg unna DOLK?!)

Sjølv om eg fotograferer graffiti her i Bergen kjenner eg ikkje til mange store writers, og Cantwo var ukjent for meg inntil i haust då han var invitert til Bergen som juryemedlem i graffitikonkurransen som gjekk av stabelen i september.

At fyren kan sine ting er sikkert

Her er den ferdige piecen, 25 års erfaring ligg bak denne…

…og nokre timars jobb

Medan gatekunstnaren brukar sjablong, skissar writeren og malar så direkte på veggen.

Det finst utallige typar dyser, du kan få dyser som gjev tynne,tynne linjer. Eg har lese at Cantwo berre bruker to forskjellige dyser. Sikkert greit å greie seg med to, for det må vere litt av et pes å ha altfor mange å veksle mellom.

Det er faktisk slik at eg angrar at ikkje eg òg har ei trøye signert Cantwo. (Eg fleipar ikkje)

Dette siste bildet synest eg egentlig er det gøyaste , men det er første gong eg legg det ut i blogg.

Cantwo si heimeside

Her i GRAFFITI BERGEN er tre postar frå denne graffitikonkurransen

søndag 8. mars 2009

A for ARAM

Det er første runde i ABC i bilder.

Under bokstaven A var det lett å velje. A for ARAM som er ein av gatekunstnarane som har pynta byen vår. Den av våre gatekunstnarar vi veit ein del om er DOLK, ARAM derimot veit vi lite om. Eg har fått ein mail frå ARAM ein gong, den var skreven på engelsk, så eg gjettar at denne gatekunstnaren ikkje kjem fra Bergen…men kven veit?

 

Denne stencilen står fortsatt i Kalfaret, og eg håpar og trur at den får stå der til vær og vind har fjerna den.

 

mandag 23. februar 2009

Lyrikk for dagen min.

Eg veit ikkje kva diktsamling eg har brukt mest, Olav H. Hauge eller Einar Økland, men i dag henta eg fram Einar Økland.
Vi har ein verdidebatt vi bør ta her på berget, og dei siste dagane har "Truene" lege og vakt i tankane mine.


Truene


Somme truer er ei hylling
til ei løgn.
Somme truer fyller ansiktet
som eit vern mot ei løgn.
Det er levande og sterke truer
som ingen kjenner
før dei kjenner løgnene.
Andre truer er meir trøtte av seg.
Forvirra og utmatta veit dei ikkje
kva dei skal tru, berre at dei må tru
eitt eller anna. Så blir det dette dei gjer.
Dei trur på seg sjølv.
Ein blir trøtt av å vere ilag med dei.

Når vi ikkje får til å flytte fjell
er det støtt fordi ei tru er til hinders.
Ingen truer flyttar fjell frivillig.

Truer held seg alltid nær folk.
Truer gror også fram or folk.
Folk kan ikkje for det.
meir enn dei kan for utslett, hårvekst og avkom.
Somme slepper fram trua og steller den fint.

Som ein levande livsmedalje
ber dei trua på bringa.
Slike prydtruer lyser gjerne
som opne kaktusroser på et sukkelent sjølvbedrag.

Eg klipper truene mine
slik eg klipper neglene.

Einar Økland



Må visst avslutte her eg, desse neglene såg slett ikkje bra ut.

søndag 15. februar 2009

Vi kan håpe og drøyme

 

Det blir meldt frå La Manga at Håkon Opdal er i full trening. Kva for ein odding får vi sjå på Staddaen i 2009? Får vi sjå Opdal på sitt beste, eller enda betre enn han var på sitt beste?

Han var matchvinnar i ganske mange kampar i 2006 og 2007, og det vil hjelpe ganske mykje om han kjem tilbake til sitt gamle eg. Eh, vel Håkon, det var noko med utspela då, det var ikkje alltid like pent.

Men jøss, du var god!!!!  Veldig god!!!!

 

Og kven blir kaptein?

Her er dei to siste.

Eg trur Eirik Bakke held fram som kaptein.

 

Vi har sett Bergen gå av hengslene.

Det er ikkje lenger sidan enn at vi minnest korleis det er.

Eg trur noko om 2009, men det kan eg jo halde for meg sjølv.

Men vi kan håpe

vi kan drøyme

og synge

 

Og måtte det berre runge “Værdens bæste keepår” over Staddaen igjen!!!!!

torsdag 12. februar 2009

Tema: “Vinter”

 

Det er ikkje slik vi tenkjer oss vinterbilde av krukka i Tveitevannet. No i februar 2009 er det slik vi har det her.

 

 

Dei fleste prøver å få fuglehusa til å gå mest mulig i ett med miljøet.

 

 

eg elskar desse fargeklattane

og snøen

 

Normalt liker eg best at snøen ligg slik til at vi må oppsøke den. Men når den ligg slik dag etter dag, den verken kjem eller går, då er det berre himmelsk.

tirsdag 10. februar 2009

Hobbyboden tema: Vinter, kaldt

Desse er henta fram frå fotoarkivet, dei er frå april 2008, og er blant dei som måtte fram før eg fangar ny snø og kulde.

mandag 9. februar 2009

Pytt, eg legg den ut eg òg.

Så sprøtt! I gå såg eg denne videoen i to bloggar, først hos Miann. Konstaterte at det der var jammen ein kul video, litt småmisunneleg, for eg skulle gjerne lagt den ut sjølv.

Nokre timar seinare dukka samme video opp i ein av bloggane eg besøkjer ofte, “World of Stencils”, – og dermed var det gjort, no blogglegg eg den òg.

“The Reverse Graffiti Project” har dei kalla den, men eg synest den har meir felles med stencils. Han lagar sjablongar, men vaskar i staden for å male.

Artig er det ihvertfall! …og fint.

søndag 8. februar 2009

BALL I FEIL MÅL (tema:rund)

Når temaet er rund, ja så er det vel ikkje til å unngå at eit foto frå Staddaen blir henta fram. Det som jo er litt ille er at her går ballen i feil mål.

Seinare i kampen havna ballen i riktig mål, men foto, nei det har eg ikkje.

Kven har vel eit kamera midt i trynet når ballen befinn seg på riktig banehalvdel?

…og nå er det snart på ‘an igjen!!

fredag 6. februar 2009

FOTOALONG på Hobbyboden.

Tidlegare brukte eg Hobbyboden ganske flittig, så vart det ein del forandringar der inne, og eg kom liksom ut av det. No kjem eg nok til å droppe innom oftare, og ein ting eg har tenkt å bruke er Fotoalongen.

Tema i februar er:

1. Fremkomstmiddel
2. Vinter
3. Blå
4. 15 minutter hjemmefra. Gå, løp, sykle, kjør 15 minutter fra inngangsdøren din. Hva finner du der?
5. Kaldt
6. Rund

Eg synest det er fine tema Lise har funne.

Inne i forumet skal det vere nye foto som blir lagt ut, men eg vil bruke alongen for alt den er verdt. Derfor gjer eg litt ved sida av forumet. Eg liker å hente fram foto eg har teke før, og då eg såg at sirkel sorterte under rund dukka det opp ein del foto i minnet mitt. Foto eg fekk lyst til å kikke på igjen.

Eg er litt glad i denne kvernsteinen som prydar veggen på Hæggernes Valsemølle.

Eg gløymer aldri første gong eg såg denne stencilen. Den er veldig stor sammenlikna med det vi elles ser av gatekunst her i Bergen, den hadde liksom overteke et heilt hus. Veldig mykje gatekunst føyer seg liksom inn i miljøet, men denne overtok det heile.

Det er den polske gatekunstnaren m-city som står bak dette verket, og her er det lagt ned mykje arbeid, her har han brukt mange små sjablongar. – Og dette er ulovlig, så dei må jobbe kjappt. Her er foto frå m-city’s side, der blir det vist foto frå då dette verket kom til Bergen, og her ligg to av mine foto. m-city har besøkt Stavanger òg, sjå på dette!

Denne finn du like ved Sentralbadet.

…og så: Den aller beste!!

torsdag 29. januar 2009

Fotoarkiv utfordring frå Helle.

Det låg ei utfordring på Helle sin blogg som gjekk ut på å leggje ut foto nr.6 i album nr.6.
Vel, i album nr.6 hadde eg berre 3 foto. Det er egentlig litt rart at desse fekk bli med over til pcen.


Kva gjer vi når vi ventar på bussen?

Det første eg gjer er å finne 24kr, dei legg eg i den lettast tilgjengelege lomma, og så begynner eg å knipse.
Somregel slettar eg desse bildene før turen går vidare, men desse har altså fått bli med like inn på harddisken.
Et mot sør, og et mot nord.




Eg har egentlig tenkt at eg skal spare et par "Mens eg ventar på bussen" foto for kvar tur, og eg har jo faktisk begynt ser eg.
Eg har òg vurdert å begynne å fotografere jernbanestasjonen, hurtigbåtteriminalen...osv.

tirsdag 27. januar 2009

Gratulere med dagen, Knut!

lørdag 24. januar 2009

LITT "FOTO-TRAVELT"

Her i huset er det litt "Foto-travelt" no. Eg tudde eg skulle ha ein del dagar å trene Elements før eg fekk Lightroom, men Adobe leverer kjappare enn dei lovar, så no må Lightroom ha førsteprioritet.

I tillegg har eg fått beskjed om at eg kan begynne å legge ut foto frå Emergenza finalen som eg skreiv om tidlegare.
Det er gøy, men jobbigt å gå gjennom alle bildene eg tok, og hittil har eg berre fått kikka på 2 av banda.

For å få det nokolunde oversiktleg, legg eg i ein blogg etterkvart som eg har fått sortert.

Det var grådig gøy å fotografere Emergenza. Eg lånte eit orntlig bra objektiv av Arne, men det var litt utfordring å bevege seg med eit anna objektiv enn det eg var vant med.


Det er ikkje kvardagskost for meg å få eit grønt armband som fortel at eg kan bevege meg kor eg vil, og det spørst om eg vil få mulighet til å fotografere frå denne vinkelen så mange gonger:


...men gu så lyst eg har til det.

Ta gjerne ein kikk på Emergenza albumet mitt,medan eg tar for meg bildene av neste band.

mandag 12. januar 2009

Finn Jarle Sæle annonserer motdemonstrasjon i Bergen.

Sjølv om dei fleste av oss synest det er ein smule upassande å marsjere i tog for å støtte Israel akkurat no, så er det ein rett dei har. Denne veka vil Finn Jarle Sæle lede troppane gjennom gatene i Bergen.

Eg ynskjer så inderleg at dei skal ha denne retten.
Og eg skulle så inderleg ynskje at dei lot det vere.

Eg lurer på, dersom eg var ein av Palestinarane i Bergen, og hadde familien min bak Gazas grenser no
Ville eg halde meg borte?
Eller ville eg bli trekt mot Bergen sentrum og Finn Jarle Sæle's arrangement?

Eg håpar berre så inderleg at det ikkje renn over for nokon.

søndag 11. januar 2009

Januar 2009


Bortimot 1000 personar møtte opp ved Den blå steinen i går, lørd. 10.jan.

Veldig mange av Paleatinarane som bur her i vår by har nær familie som er drept eller lemlesta i Gaza.
Byen vår har mange menneske som enda meir enn oss andre fortviler over det som skjer.

Å gå i tog til støtte for befolkningen i Gaza er ikkje berre å sende signal til våre politikarar, til Israel og andre om at vi tek avstand frå krigen Israel fører.

Folk i Gaza får vite om kva som skjer, og dei gjev uttrykk for at det betyr uendeleg mykje at dei ikkje er gløymde,
at folk møter opp og støttar dei.

Dette lys er ikke solen, men en brann
Disse skyer er av røk og ikke vann
Denne grunn er bare aske ikke jord
Denne sang er bare handling, ikke ord.

Det vi ligger i er piggtråd, ikke lyng
Dirigenten roper: skyt, og ikke syng
Med gevær og ikke stokk står vi parat
og i hånden ingen gren, men en granat

Det som stormer er kanoner, ikke storm
Det som lyner er et folk i uniform
Dette folk er ikke folket, men en rest
Det er mennesker som dreper, ikke pest

Denne sang er bare blod og ikke blekk
Dette folk er ingen fugl som kan fly vekk
Denne krig er ingen krig som kan gi fred
Vi har reist oss og kan se vi er slått ned.

Dette diktet skreiv Georg Johannesen til minne om oppstanden i Warzawas getto våren 1943.
tiår på tiår har gått,
grusomheten er ikkje slutt, men kven som innehar rollene har endra seg.

lørdag 10. januar 2009

Takk Irene!


Like over nyttår låg det melding fra Irene at det låg ein award til meg i bloggen hennes. Eg ila inn dit og fann denne posten.
Tusen takk Irene, det var overraskelse!

No har eg fundert på kven eg skal gi den vidare til, og så ser eg at det er litt seint for det no, vi er alt inne i 2009 og dette var ein 2008 award.

søndag 4. januar 2009

The man in black.



"Verden består av to typar menneske.
Dei som likar Johnny Cash, og dei som kjem til å like Johnny Cash."
(Og eg har tilhøyrt begge gruppene)

fredag 2. januar 2009

2008 VAR

2008 var året då
- vi feira June sin konfirmasjon
- og Majas konfirmasjon.
og eg skifta ut Corollaen som eg hadde hatt i 20 år
...og fjernsynet eg hadde hatt i 26år.

2008 var året
bybaneskinner vart lagt i Bergen

2008 var året
då ydmykinga av det Palestinske folket heldt fram, og enda med bomber over Gaza.

2008 var òg året då 550 bergensarar deltok i fakkeltog for å vise sympati med det palestinske folket i Gaza, og markere avstand til Israels langvarige okkupasjon av Palestinsk jord.

2008 var DET året
Brann ikkje vann serien, Mjelde gjekk og Nilsen kom.

2008 var året
då eg fortsette å fotografere,
men ikkje måla.

2008 var året
då eg var på Steve Harley konsert.

2008 var året
eg omsider skaffa meg palestinasjal.

2008 var året
Obama vart vald til president,
mange fekk eit nytt håp
...og eg trur han berre er nok ein amerikansk president.

men, vel, la oss håpe.

2008 var året
Madrugada gav ut "Madrugada",
la ut på den turneen dei ikkje skulle på,
og heldt sine påstått siste konsertar.

2008 var året
då finanskrisa fekk meir oppmerksomhet
enn situasjonen i Kongo, miljøutfordringane vi står overfor, situasjonen i Palestina...

2008 var året
eit av mine foto vart brukt i ei lærebok
fagbokforlaget fekk tillatelse til å bruke eit av dei på eit bokomslag,Aftenposten fekk bruke foto frå "Kvinnehistorisk natt" og NRK fekk bruke foto frå bloggane mine.

2008 var året
eg møtte folk som er interessert i å fotografere.

2008 var året
eg hadde ein nydelig Vågslid tur med Jon og Tina.

2008 var året
eg og Knut hadde ein helig kopp kaffe i solsteiken.

2008 var året eg og Elisabeth titt og ofte gav lyd frå oss på Brann stadion.

2008 var året
då eg høyrde Knut i Logen med det nye bandet.

2008 var året
eg var på fine konsertar sammen med Grethe.

2008 var året
med skumle, men gøye fotooppdrag.

2008 var året då det var så mange nydelege vinterdagar,
så mange nydelege sommardagar
og det vart dansa i Teatergate kiosken.

2008 var året
då avdelinga Knut jobbar på flytte frå Haukeland til Sandviken sykehus.

2oo8 var året
då det heilt på tampen av året dukka opp temaet som eg vil jobbe med.

tirsdag 30. desember 2008

Julehelsing frå Brasil.

Nokon av dykk som besøkjer bloggen min har gjerne fulgt linken til Mauricio sin blogg, EL COLLAGE.

Tett oppunder jul tikka julehelsinga frå Mauricio inn. Etter ønsker om ei god jul, låg denne utfordringa:

"In 2009, go ahead writing your own history"

Fotocollage Mauricio Planel

Ei slik utfordring er stor, og det er litt av ei gave om ein tar den imot.

Eg har fått lov til å dele den med dykk som besøkjer bloggen min.

mandag 8. desember 2008

Demning...vulkan....joik.

Utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget var det som vekte Mari Boine, fekk henne til å sjå kor undertrykt det samiske i henne var, trigga fram ein vulkan.

Ein treng ikkje vere av same ætt for å tape deler av oss sjølv i ein sosialiserings prosess.
- kven har ikkje noko som bevisst eller ubevisst blir halde tilbake, som skulle fått vekse og gro?
- kven held ikkje noko tilbake når vi går inn i nye roller?

Å tilpasse seg er nødvendig, men kva blir borte?
- Kva må gjerne fare, og kva må vi ta vare på?

Eg trur landet vårt må vere fullt av sovande vulkanar.

mandag 1. desember 2008

EMERGENZA finale på USF

Dei fleste som besøker bloggen min har sikkert aldri høyrt om Emergenza.
Emergenza er ein stor musikk konkurranse for upcoming band.
Her er det ikkje som i Idol at deltakarane blir meir og meir like, meir og meir styla og veileda inn i det glatte og preglause etter kvart som dei heng med runde for runde.

14 band som ikkje var glatte og kjedelege deltok i finalen på USF lørdag.
Vinnarane var meir enn eit fyrverkeri, fytti katta! Har du bruk for å få opp energien så sjekk om det er ein Mollygogo konsert på plakaten, dei har plenty av fart og energi, - òg det smittar.
Neste stopp for Mollygogo som vann er den norske finalen på Rockefeller, så kan vi håpe på at dei går vidare derifrå og dankar ut dei andre skandinavane i Stockholm, for då møter dei resten av verden i Tyskland.
Waaow alle vestlendingar, følg med, følg med!
Dette blir spennande.

HER ligg foto frå finalen.



MOLLYGOGO.COM
EMERGENZA
Wikipedia
EMERGENZA.no RESULTAT OG FOTO

onsdag 26. november 2008

ORIGO fotografar på by'n

CHATCH THE CHATCHERS


Det er gøy å møte Origo folk på by'n. I går var det Morten, Bjørn Tore og meg som hadde ein runde.
Bjørn Tore er soneverten på BILDER AV BERGEN, ei sone der det stadig dukker opp ferske bybilder.

Café Michelsen

Vi møttest ved "Café Michelsen" på Festplassen kl.18.00, to timar før regnet skulle komme.
Vi var ganske presise, men regnet var tidlegare ute enn meldt.
Dette var ein slik kveld som var gøy sjølv om vi hutra og fraus litt. Ja ikkje Bjørn Tore då, men han er fra Tromsø og har lært å kle seg etter været.
I det heile var han langt smartare enn meg. Han brukte stativet,men eg,- eg fann ut at "søren eg puttar stativet i sekken og skrur opp ISO
...det var ikkje smart, slett ikkje.
Det er så absolutt ein fordel å behalde stativet på kameraet under slike lysforhold, men det er jo så deilig å ha kjæledegga si i hånda.

Neida, ikkje ha medynk med han. Han er berre ei statue.



Eg hadde slett ikkje planlagt det, men lokka dei med til Sentralbadet.
Eg lokka egentlig ikkje, men då Morten spurde "er det lenge siden du har vært ved Sentralbadet"? så var det jo ein knapp det.
"Ska me stikka nerom"?
Og då er det fort gjort å sei ja.






Det var deilig å avslutte kvelden med varm kaffe. Ah Mocca.


.

tirsdag 25. november 2008

VINTERBILDET OG JULESANGEN

Dette har liksom blitt mitt vinterfoto.
Det tok eg for nøyaktig eit år sidan.
Det var favoritt november været mitt, og eg hadde ein laang tur i det nydelige vinterværet.


25.november, det er snart på tide å plukke fram julemusikken.
"Rosa frå Betlehem" har vore min jule musikk, den eg har sett på for å få julefokuset. No veit eg neimen ikkje kor den er.
Eg kunne jo tenkt som så at, OK så får eg vere ferdig med den, men eg trur nok eg må ha meg ein ny cd.

Joda, "Rosa frå Betlehem" er musikk som får meg i julestemning. Det er jo liksom det vi har julesangar til.

MEN det er ein julesang som verkeleg gjer inntrykk på meg, ein julesang som får mine tankar til å rekke ut av mi vesle stove.
«Fairytale of New York»,eg har høyrt Shane MacGowan synge den med mange forskjellige vokalistar, men ingen når opp til Kirsty MacColl.
Kirsty MacColl omkom under dykking i desember 2000.

«Fairytale of New York»
The Pouges & Kirsty MacColl




It was Christmas Eve babe
In the drunk tank
An old man said to me, won't see another one

And then he sang a song
The Rare Old Mountain Dew
I turned my face away
And dreamed about you

Got on a lucky one
Came in eighteen to one
I've got a feeling
This year's for me and you

So happy Christmas
I love you baby
I can see a better time
When all our dreams come true

They've got cars big as bars
They've got rivers of gold
But the wind goes right through you
It's no place for the old
When you first took my hand
On a cold Christmas Eve
You promised me
Broadway was waiting for me

You were handsome
You were pretty
Queen of New York City
When the band finished playing
They howled out for more

Sinatra was swinging,
All the drunks they were singing
We kissed on a corner
Then danced through the night

The boys of the NYPD choir
Were singing 'Galway Bay'
And the bells were ringing out
For Christmas day

You're a bum
You're a punk
You're an old slut on junk
Lying there almost dead on a drip in that bed
You scumbag, you maggot
You cheap lousy faggot
Happy Christmas your arse
I pray God it's our last

I could have been someone
Well so could anyone
You took my dreams from me
When I first found you
I kept them with me babe
I put them with my own
Can't make it all alone
I've built my dreams around you

lørdag 22. november 2008

HALLOWEEN

Det er ei stund sidan Halloween no. Halloween har alltid gått upåakta hen her hos meg, men det ville seg annleis dette året.
Dette var det året mi oppfatning av Halloween blei snudd heilt om.
Før hadde eg berre fått med meg den kommersielle biten,
kjøpe, kjøpe, kjøp hos oss, vi har det du treng, det barna dine treng...



Vel, så blei det Halloween 2008. Den gjekk forsåvidt forbi i stillhet den òg, men så vart det lørdag og eg fekk ein mail fra Arne.
Om eg kunne tenke meg å ta ein tur på Halloween party på Hulen og fotografere.
NEIII kvein alt i meg. Det var æsj og off og tør ikkje.

Ein ting er å fotografere og kanhende få enkelte bra foto, men å vere bestilt for å fotografere!!!
DET var kjempeskummelt.
Eg kunne jo ikkje etterpå sei at, dei vart ikkje så bra desse bildene, eg kan komme tilbake i morgon og ta nye.

Alt i meg stritta mot, men eg tvang bort æsj etter æsj, off etter off.
Til slutt sat eg berre att med eit einaste tør ikkje.
Eg var heilt overbevist om eit nei like til eg rundt kl 18 skreiv ein "OK, eg tar turen" mail.



Det var så gøy!!
Eg skulle gjerne fotografert Halloween party ein gong i månaden!!
Det ville jo vært vanvittig egentlig,
eg som har gått og ønska meg ei linselus,
å sei nei når ein slik anledning baud seg.
Men er ein vettskremt, så er ein vettskremt.

Det var jo gøy å fotografere,
men det var òg gøy å sjå alle dei flotte, rare søte,blodige... kostyma.
...og tanken på alle kreative prosessar som har føregått rundt i byen i forkant av dette Halloween partyet!!
Tanken på det er, ah...herlig og inspirerande.










Eg måtte stable alt motet eg har på beina for å sei ja til oppdraget,
...så Elisabeth!! no har eg òg vist mot!!

Sjølvsagt var det slik at eg etter dette partyet tenkte, "ååå om eg kunne fotografert eit Halloween party neste veke òg, for no veit eg ein del av det eg skulle gjort annleis."
...men det er jo berre slik det skal vere. Vi skal alltid sjå kor forbedrings potensialet ligg når vi gjer noko for første gong.
...og er det egentlig interessant lenger når vi har oppnådd full mestring, vil vi ikkje då ha nye utfordringar?
Jo!! Ihvertfall eg!

fredag 14. november 2008

"BERGEN BOSS" i Galleri Volt

Ta ein kikk på "BERGEN BOSS" i "Galleri Volt" vindua på Lars Hillesgate/Christies gate hjørnet.



Kunstnargruppa Parfyme frå Danmark har teke utgangspunkt i avfallssituasjonen i Bergen og overraskar oss med utstillinga som varer fram til 25.november.

Fra Parfymes hjemmeside:
"Bergen Boss
Bosset lever et skjult liv. Det fraktes i lastebiler.
Det gjemmes og glemmes i fjerne anlegg.
Men venner! Boss er oss, deg og meg.
Og vi skal ikke gjemmes vekk.
Bossets vei gjennom verden er livets strøm
Flyt med oss, Bergen Boss."



Eg får jo lyst å leggje ut fleire foto, men skal besinne meg.
Det er ikkje gøy å gå og kikke hvis eg har vist alt her i bloggen.

PARFYME


GALLERI VOLT


UNDERSKOG
om Bergen Boss

torsdag 13. november 2008

HIMMELSK BYVANDRING.


Eg hadde ei aldeles herlig byvandring sist tirsdag, nydelig vær, og det er alltid noko nytt og fint eller artig å finne.
Eg kom heim med kortet fullt, men så langt har eg berre fått lagt ut gatekunst og graffiti.
Du bør ta turen innom HER og sjå på all den nye gatekunsten eg har lagt ut denne veka.

Neste post skal handle om "bosset" eg fann på den himmelske vandringa.

onsdag 12. november 2008

MADRUGADA. Det var den aller siste konseren på slutten av den siste konserten i Bergen som var best.


Vi ventar på Sivert og gjengen, Madrugada sin siste konsert i Bergen. Som eg igjen seier at eg ikkje trur blir den siste.
"Eg lurer på kor lenge dei skal gjere seg kostbare" seier eg til Knut og får vite at dei har ikkje lov å la oss vente i kveld. Det er søndag,og arbeidsdag neste dag og då er det ikkje lov å hale ut tida.
Det var eg ikkje klar over.


Han har rett, vi slepp vente.
Eg hadde store forventningar.


Eg innbiller meg at konserten måtte vere eit slit for musikarane, det ville ikkje ta av. Dei spelte ikkje dårleg, slett ikkje,men sjølv om stemninga steig noko et par gonger under konserten så dala det like fort.

MEN så kom ekstranummera,
det var då det tok av.
DÅ TOK DET AV.
Og heldigvis var dei ikkje gjerrige, der var det ikkje ein låt og ha det bra!
Nei, vi fekk ein minikonsert med kjempestemning.



SLIDESHOW MADRUGADA

søndag 9. november 2008

DET UFATTELIGE


Det er ufattelig at ikkje Bergen forlengst har ein Bybane.
Og no er det ufatteleg at vi snart har ein.
Det er ufatteleg at skinnene ligg der
at bortover desse skinnene skal det suse sporvogner...og det er ikkje lenge til.

Dette smakar til og med betre enn Seriegull!!!

...og Hansa kan begynne å brygge Bane øl

fredag 7. november 2008

Joda, det blir fortsatt laga politisk musikk i Norge.



Fra nyhetene:

STREET ART for STREET PAPERS

MEGAFON
har samla gatekunst frå over 60 gatekunstnarar fra heile verden


utstilling i Bergen Kunsthall
10.nov. fra kl.20.00 til kl.22.00

Deretter blir verka utstilt elektronisk på Landmark fram til 16. nov.

16.nov. kl.19.00 blir det AUKSJON



Inntektene av auksjonen skal gå til å arrangere konserten Street Noise.

Street Noise er et initiativ fra Megafon, i forbindelse med at verdskonferansen til INSP (The International Network of Street Papers) vert arrangert i Bergen i mai, 2009
Konserten vil bli et av arrangementa under denne konferansen, og overskotet vil gå til INSP (The International Network of Street Papers)


INSP

MEGAFON
BERGEN KUNSTHALL

torsdag 6. november 2008

Er han ikkje vakker?









SORRY
alle eg ikkje har kikka innom i det siste. Eg har vært så travel, og kjem til å vere litt travel dei neste dagane òg.

fredag 31. oktober 2008

DANS TIL FOLKET – et dogmedansprosjekt


Magnus Myhr og Rebekka Nystadbakk


I morgon er siste dagen du kan ta turen til Teatergaten og bli underholdt.
Eg er ihvertfall glad eg kom over desse herlege dansarane. Eg hadde ein avtale, men rekna god tid for å stikke nedom Sentralbadet.
Til Sentralbadet kom eg jo aldri, og grunnen finst på desse bildene.








Det er så herlig når slike overraskelsar dukkar opp og forandrar ruta di.

mandag 27. oktober 2008

"Steve Harley & Cockney Rebel" på Rick's. Årets begivenhet!

Det sveiv meg ikkje at eg skulle komme til å oppleve ein konsert med Steve Harley & Cockney Rebel.
Om eg ikkje hadde ein sønn som på 90 talet visste å bruke mammas vinylsamling for det den er verdt,
og blant andre skattar fann Steve Harley,
ville eg nok ikkje havna på Rick's lørd. 25.okt.2008.

Denne sønnen er den typen som ein dag kjem og seier : "Har du mamma lyst å bli med på Steve Harley konsert?....eg kan bestille billettar eg."
Og eg er den typen mamma som straks seier ja, og er lykkelig og forventningsfull.



Gud bedre som eg gleda meg!
Steve Harley!!!

Sjølv om eg visste det måtte bli bra
ja så ana eg ikkje kor bra det skulle bli!
Det er heilt klart årets begivenhet!


Ein dyktig gitarist forringar ikkje akkurat ein konsert.

Denne fiolinisten presterte ein solo der vi blei med til himmels utan å forlate jorda.

Dei var så fordømrade ujålete, dei entra scenen med de fantastiske låtane sine.
Dei hadde det openbart gøy, var lune og koselige, smilande, òg vanvittig rå...og dei la aldri på ekstra råskap.



Det var tydelegvis fleire enn Knut som har nytt godt av ei eller anna mammas (eller pappas) vinylsamling. Det var mange unge menn der, og nokon var tydelegvis blodfans.
Ein gjeng veldig unge menn kunne alle tekstane,
og Steve Harley var dirigenten som fekk heile salen til å synge så Bataljonen ville bli grøne av misunnelse.


...og kven kunne tru at fyren skulle bli så sexy på sine gamle dagar?

SLIDESHOW

SteveHarley.com

torsdag 16. oktober 2008

Nettsamfunnet ORIGO

Har du gjort deg kjent med Origo? Om du ikkje alt brukar Origo vil eg ile til med ei anbefaling.
Origo er eit norsk nettforum som dekkar dei fleste interesseområde. Eg aktar å la det dryppe litt Origo reklame framover. Der ligg det så mange muligheter, fritt til å bruke heilt gratis, og du beheld rettighetane til alt du legg ut der.

Der finst ei sone for dei fleste, og finn du ikkje ei som passar deg, kan du opprette ei.

mandag 13. oktober 2008

Å nyte, eller syte? - Thats the Question.

Det er omlag slik vi har det her i Bergen no. Ja, bortsett frå at det heng haustfarga blad på trea så er det slik som dette.
Eg var litt heldig som hadde dette liggjande på PCen, for eg greier ikkje bli glad i haustfargane.

Godværet forlot oss, og då møter eg utfordringa:
"Å vere glad for det som er akkurat no"
Ein dag blir god når eg er oppmerksom på det, men eg gløymer det så fort.

Er eg uoppmerksom, då gløymer eg å kjenne kor herlig friskt regnet er, då ser eg berre det gråe lokket som ligg over byfjella.

Den største utfordringa er haustfargane, dei greier eg ikkje bli begeistra for.
MEN vi kan jo ikkje greie alt heller, no vil eg berre nyte at eg nyt regnet, og så gir eg blanke i dei fargane.

TAKK PETUNIA!

Takk for award, Petunia.
Du er ei så himla kreativ, artig og positiv dame, at å få denne av deg er stas!!

Kjenner du ikkje Petunia, du finn bloggen hennar om du klikkar på denne linken ;)

lørdag 11. oktober 2008

HAR DU HØYRT?

Har du nokon gong høyrt Knut Reiersrud spele gitar?


Har du høyrt Jan Erik Vold lese dikt?


Har du høyrt Jan Erik Vold synge?


Det var dette vi fekk høyre på Landmark i går.

Først høyrde vi dikt av Wergeland, Obstfelder, Rolf JAcobsen.
Tenk deg det,
Jan Erik Volds stemme,
Reiersruds gitar.
Når han spelar er det jo som om kvar einaste tone blir født. Det er så mange dyktige gitaristar, men han har noko Reiersrudsk særeige,Reiersrud.

Hvis de ikkje var der, ja så kan de slett ikkje førestille dykk denne første delen av førestillinga.
Men kan de førestille dykk siste del?
Då sang Jan Erik Vold "Terje Vigen", til melodien “Alice’s Restaurant” av Arlo Guthrie

EG ER SÅ GLAD EG VAR DER!!
Takk Grethe, eg hadde ikkje visst om dette om det ikkje var for deg.

lørdag 4. oktober 2008

EG ER SÅ BEGEISTRA

Neida det var ikkje teateret eg meinte, sjølv om eg synest Den Nationale Scene er eit vakkert bygg.

Det var heller ikkje Ibsen eg hadde i tankane, men sjå der øverst til venstre. Den dama har eg latt meg begeistre av.
Ho er så kjekk å fotografere, og eg har slett ikkje teke mitt siste foto av den dama. Ho har fått meg til å knipse villig vekk, og boltre meg i Picasa.








UNDERLIG

En visktenpaleig unsdelrøkese gjort ved et untivseriet i Enlgnad har vist at desrom de to føsrte- og to siste botsvkeane i alle oredne i en tekst er riktig plessart, spllier det liten rolle hvkilen reføkkelge de øvirge boskvetane i oredne kommer. Tektsen er fullt lebsar selv om de andre bokeastvne kommer huilbtertlulter! Dette er fordi vi ikke leser hver eneklt botksav, men ser bidlet av ordet som hehleet.

Inresastaent!

Eg fann den her

fredag 3. oktober 2008

DET GLADE BUDSKAP

Eg registrerte nett at det var eit nytt regnbuesting hos Elisabeth, stakk innom og fann dette.

Det inspirerrte meg til å leggje ut dette bildet som eg tok i går på veg frå Nordnes. Det skil seg liksom frå alt anna eg har fotografert av Bergensveggen.



Eg vart sitjande og sjå på dette i går, og lurte på:
- Korleis ville eg reagert om huset var mitt og eg kom ut og såg dette?
- Korleis ville eg sjå ut idet eg oppdaga det?
- Korleis ville det første kvarteret forløpe?

Det meste av tags ville forløyse eit vokabular eg normalt ikkje bruker til kvardags, dette trur eg ville lede meg ut i faen og flir.

torsdag 2. oktober 2008

EG DIGGE DE'

Dette fotoet synest eg er så fornøyelig.Berre ta ein orntlig titt :)

Ved lille lungegården

Hus kler sol, parken kler folk.

fredag 26. september 2008

Rosa

Eg har berre ein rosa prikk å vise, men tek du ein tur inn til Elisabeth så får du sjå dei rosa sløyfene du kan vinne om du puttar pengar på NETTBØSSA.

torsdag 25. september 2008

HAUSTBLAD SLEPP

"HAUST VED FORTAUSKANTEN"

Når hausten kjem, då slepper trea ublygt blada overalt.
Først litt forsiktig som no,
men vi veit at om ikkje så lenge misser dei alle hemningar.
Då slepper dei alle blada i ei vende
og let dei virvle rundt i haustvinden.

Så står det att der treet
med eit og anna stusseleg blad
på ei og anna naken grein.

...og vi melder oss på julebord.

onsdag 24. september 2008

Kva skjer med sjøbodene?




Eg lurer på kva som føregår no.
Er det arbeid på gang for å sikre sjøbodene.
Blir noko gjort for å få brannsikring på plass?
- For å sørge for ordentleg vedlikehald?
- Kjem det offentlege midlar på bordet?




Eg blir flau.
No skulle vel vi her i Bergen gått inn i ein orntlig brainstorming: Korleis reddar vi sjøbodene?

Etter Skutevikbrannen gjekk det ikkje to dagar før musikkmiljøet hadde planane klare for å støtte dei som var ramma.

Vi andre er opprørt og skremt, men vi sit berre og sørger og ventar på at andre skal gjere noko.
Vi ventar at staten skal inn med midlar, vi forventar at dei som styrer med historie, kultur og "denslags" skal sørge for at noko blir gjort.
Det skal vi forvente òg, men vi behøver ikkje overlate alt til andre.

mandag 22. september 2008

BRANDSIGNAL Gamle Bergen



Det kunne sikkert gå like kjappt med bud som å ringe sentralen.


Eg vil tru dei har moderne brannsikring på plass i Gamle Bergen no.

søndag 21. september 2008

Bygget på Hegreneset.



Dette bygget på Hegreneset fascinerer meg slik at eg trur eg kjem til å fotografere det i senk.
Her har eg fotografert det frå Gamle Bergen.




Dersom du veit noko om bygget håpar eg du deler det i kommentar under her.

torsdag 18. september 2008

ORIGO SAFARIE i Gamle Bergen

Søndag 14.september møtte eg KnutG og Bjørn Tore frå Origo for å fotografere i Gamle Bergen.

A.Skauges landhandel var stengt...

...og når andre klasserom blir opna, då blir klasserommet i Gamle Bergen lukka.
Eg høyrde ei dame utbryte:"Stengt, det er jo en katastrofe!"

:) vel, eg forstår katastrofebegrepet på ein heilt annan måte, men her i Bergen er det ikkje berre på framsida av avisene det blir snakka i store bokstavar.

Ein lørdag heilt annleis enn det som var planlagt.

Denne helga har vore ein einaste lang fotosafarie.
Det starta lørdagen. Eg hadde tenkt å kikke litt på detaljane på Bryggen, men dit kom eg aldri.
Det har seg nemlig slik at eg ville ta ein kjapp tur oppom Sentralbadet først for å sjå om der var noko nytt på veggen.

Eg er bestandig aleine når eg er der, så overraskelsen var , ja på ein skala frå 0 til 10, så sprengde den skalaen då det viste seg å vere full aktivitet der.

Eg hadde havna midt oppi ein graffiti konkurranse.

Nordveggen var nesten tom då eg kom, men det varde ikkje lenge.

Spreke unge menn underheldt.


Og den her dama...



...ho skal til slutt gå hen og vinne heile kalaset!



Vil du sjå fleire i sving kan du kikke HER

fredag 12. september 2008

UBEHAGELEG MANGE BRANNAR I SANDVIKEN

I DAG VAR EG REDD
Forrige helg då det brann i Skutevikbodene tudde eg ikkje Knuts lokale kunne vere i eit brannramma bygg før han vakna og bekreftelsen låg i mobiltelefonen hans.

No då eg høyrde det brann i ei sjøbod på Måseskjæret...eg vart redd!
Eg hadde denne ferske erfaringa med at vi òg kan bli ramma.
Mitt lokale er i Sandviksboder 73 på Måseskjæret, ansikt etter ansikt dukka opp.
Eg gjekk inn på BT, men der var ingenting om brannen då, men frå balkongen min kunne eg sjå at det var sant, det brenn i Sandviken denne helga òg.
Ansikta frå nr.73, frykten.

Dette var jo eit tidspunkt då dei godt kunne vere der alle sammen.
Eg ville ikkje ut der, men eg måtte vite, og ringde Else som leiger lokalet mitt.
Eg måtte berre høyre stemma hennar
... telefonsvarar.
Straks etter ringde Else.
Aldri har det vore så godt å høyre den stemma.

Det er skummelt mange brannar i Sandviken.
Forrige helg tenkte eg at dette begynner jo nesten å bli litt ekkelt.
No synest eg det er fryktelig ubehagelig, og det må spre seg frykt blant folk som bur i den gamle trehusbebyggelsen der ute.

mandag 8. september 2008

Nokon er heldige

I går trudde eg det nesten ikkje då eg fekk vite at dei hadde mist øvingslokalet sitt.
I dag trur eg nesten ikkje det er sant at dei alt har komme inn i nytt lokale.
The Vengeance party

Dei er berre ett av mellom 40 og 60 band som miste øvingslokalet sitt i brannen.
Fortsatt er nok mange på desperat jakt etter nye lokale.
Eg håpar berre at ikkje eit einaste band gjev opp på grunn av dette.
BA: To millioner i krisehjelp etter brannen

søndag 7. september 2008

Eg har et spørsmål, Knut.

Han har vore på nattevakt, og skal det igjen.
Det er enda ganske lenge før eg kan vekkje han, men eg har eit spørssmål som eg så inderleg gjerne skulle hatt svar på:

I kva Skuteviksbod er det de har øvingslokale?

Det første eg såg då eg gjekk inn på BT i dag var at det hadde vore nok ein brann i Sandviken.Først tenkte eg på bygningane som var gått tapt, og alt som kunne ha gått tapt.Det streifa meg at det er jo i Skuteviken Knut & co har øvingslokale no, men det var først då eg las dette i BA at eg verkeleg forstod at øvingslokalet deira kan liggje som svarte restar i ei branntomt.



Det høyrest kanhende dumt ut, men fortsatt reknar eg med at deira øvingslokale er i ei anna Skuteviksbod.

lørdag 6. september 2008

Isn't she pretty, isn't she wonderful?

tirsdag 2. september 2008

Meir frå Asfaltjungelen.

Eg hadde fleire foto med meg heim frå forrige safari.

Asfalten er grå og kjedeleg, men så er det små fargeklattar innimellom som vi ser om vi berre kjem nær nok.
Asfalten minner meg litt om møte med menneske og miljø. Ofte skal vi komme ganske nær før vi verkeleg ser kva for fargeklattar dei er.



2814210568_583f7e63f7_s

mandag 1. september 2008

Fotosafarie i asfaltjungelen

Det var asfalten som vart granska på gårsdagens "foto safarie"
Egentlig er det litt rart at det er ting vi ikkje i det heile tenkjer på at skal vere fint. Med vegar er det somregel slik. Det er ingen designerar som har via seg til veidekke. Jovisst har vi brolegneing enkelte stader, men orntleg designer veidekke, det har eg aldri sett.



Og så måtte eg jo leike meg litt:




2814210568_583f7e63f7_s

søndag 31. august 2008

PETUNIAS FOTOSAFARIE.

No vil eg og bli med på Petunias fotosafarie.

Slik presenterer Petunia FOTO SAFARIE : "Her er det nesten ingen regler eller faste dager å måtte publisere på. Du legger bare ut et bilde på bloggen din av noe du har snublet over på din vei og som du bare måtte ta bilde av. Hvis du skriver "Fotosafari" i emnefeltet/etikettfeltet på bloggen din, så blir det lettere for oss å finne frem til alle safari innleggene dine. Det eneste som forlanges er at bildet er ditt eller at en i familien/bekjent har tatt det og du har fått lov til å bruke det. Fotosafari er med andre ord en utmerket mulighet til å legge ut bilder på bloggen din som du kanskje ellers føler ikke ville passe til de andre tingene du blogger om. Hvis du vil, kan du bruke Fotosafarilogoen over her. Gi meg beskjed når du har laget et innlegg, så kan jeg legge link til siden din sammen med de andre i safarigjengen under her. Kjekt om du deler bildene dine med oss!"


Her finn du Petunia, og der inne finn du òg link til alle som går på FOTO SAFARIE

lørdag 30. august 2008

EIN DAG MED GODE FORMIDLARAR

Eg synest det er så godt å vere i rom med folk som har noko å fortelje og som har dette lille ekstra i måten å formidle på.
Den ferskaste opplevinga eg har med gode formidlarar er frå forrige helg då eg var i Åkra. Eg har alt i posten under fortalt om dei som rodde til kyrkje.
I kyrkja var det først ei kort gudsteneste, ja faktisk rakk presten både ein barnedåp og møte med neste vårs konfirmantar i løpet av ein go halvtime. Når det er sagt, må eg og føye til at han gjorde desse seremoniane nære, vakre og særeigne.


ETTERPÅ VAR DET SONDRE OG LARS ERIK SIN TUR.

SONDRE BRATLAND
Sondre er god å høyre syngja, men ei stemme god å høyre på er ikkje mindre verdt når du skal fortelje.Han er slik ein lun god forteljar Sondre.
Denne dagen opna han med å lese "So rodde dei fjordan" av Aslaug Vaa, og i fortsetjinga veksla han mellom å syngje og å fortelje om blåtonar, tradisjonar og tradisjonsberarar.

Åkra har og ein lokal formidlar,Lars Erik, som både har stoff å formidle og er kvikk i replikken. Det var så artig å høyre på desse to. Sondre med tonane som tema, og Lars Erik som fortalde om kyrkjebygget, fulle av humor begge to. Dei kunne fortalt om kva som helst og vi ville ha sete der utan å falle i søvn.

LARS ERIK TJELDFLÅT

Eg skulle ynskje eg ofte var i rom med menneske fulle av små forteljingar.

tirsdag 26. august 2008

KYRKJEREISE I ÅKRAFJORDEN

Dei starta grytidleg desse roarane.
Som folket på Rullestad gjorde i gamal tid, gjekk dei den timelange turen ned til Fjæra for så å ro til kyrkjesundag i Åkra.


Det var bygdelaget i Åkra som saman med soknerådet arrangerte ein kyrkjesundag som i gamal tid.

SO RODDE DEI FJORDAN
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strondi.
So rei' dei lidan, so vassa dei sundi

Og heggeliljune duppa i bakkan,
Paa kyrkjegolvstiljune inn svinga stakkan'

Det var Liv og Tone, og Rannei og Gyri,
Og Gamla paa Fjone, lett trippa fyri.

Det var Knut og Livaar, og Sveinung og Tore,
Og buggen sin Styrkaar fraa Utigaard Jorde.

Og inn dei seg sessa paa kvaare si side,
So lydde dei messa men tanken ro/k vide.

Og Knut saag paa Tone, og Rannei paa Livaar,
Og Gamla paa Fjone laut tenkje paa Styrkaar.

Daa klokka ho klemta og kvendi sukka
Og karane kremta og ut dei seg tukka.

Og sunnan og norran dei helsa i hendan
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strendan.

Aslaug Vaa.

lørdag 16. august 2008

SE OG HØR dekker det meste.

Endeleg noko Se og Hør dekkar bra.

mandag 28. juli 2008

BYBANEN BRINGER FARGAR TIL LANDÅS

Ja, eg veit det er stygt,
men eg synest det er vakkert!!!

Her eg bur er det full fart i bygging av bybanen. Det blir ein del sår i naturen, men desse fargane som fylgjer med, dei gjer meg glad.
Fargane og linjene, eg nyt å komme over noko slikt.
Å, som det oransje lyste i sola, ei oppkvikkande linje mot det grøne. Eg synest det er så spennande, og likar kontrasten mellom naturen og denne oransje stripa.


Gulfargen er like gul her som på smørblomsten, eg tek imot det den har å gi eg!!

søndag 27. juli 2008

"SOMMARFUGL"




Eit tre fullt av småfugl var noko av det første eg støtte på då eg kom ut i dag.
Eit tre fullt av småfugl, like sommarvarme-dorske som oss andre.


onsdag 11. juni 2008

KOR I ALLBERGEN?

Veit du kor i Bergen dette er?

tirsdag 3. juni 2008

TIL MERETE og andre som vil sjå gatekunst i Bergen.

Eg er ikkje sikker, Merete, men eg oppfatta det slik at det var gatekunst og graffiti du var interessert i å få nokre (8-10) tips om.
Vel her kjem de i tre første. Dei er fort gjort å finne.

TORVALLMENNINGEN er jo ein grei stad å starte.
- her vil du finne noko på Narvesenkiosken.
- så kan du gå mot Torget. La Bryggen vere Bryggen, og gå heller i den andre retningen, der hurtigbåtane legg til.
Når du er klar for å runde hjørnet der du kan kjøpe støvlar og sydvest har du alt funne 3 DOLK.

Eg vil ikkje vise deg kva for nokon det er, for då blir det jo ikkje så gøy, men den eine av dei er ein annan variant av denne som står i Øvregaten

mandag 2. juni 2008

SESONG FOR UTFORDRINGAR.

Eg har blitt utfordra av Beate
1) Hva gjorde du for ti år siden?
2) Hva er 5 ting på å- gjøre- lista mi i dag?
3) Snacks jeg liker:
4) Ting jeg ville gjøre dersom jeg var millionær (eller billionær)
5) Steder jeg har bodd:
6) Disse folka vil jeg vite mer om:

10 år - hm, då budde eg i Kvinnherad, men tumla med planar om å flytte til Bergen.Arbeidde som miljøterapeut ved Dagsenteret i Herøysund sammen med mange gode kollegaer som eg ofte saknar.

5 ting på å gjøre lista for i dag.

Eg skal hente mobiltelefonen som eg miste på Stadion under BRANN - MOLDE kampen på lørdag.
Og eg skal sjå AMBRA, Charte Blanche & Island Dance Company
Eg skl og fylle litt i kjøleskapet
Eg har nokre foto filer som skulle vore sendt
- og eg skal gjere denne posten ferdig.

SNACKS,- egentlig så liker eg best frukt eg.

HVIS EG VART MILLIONÆR JA.

Eg skulle fort som flyet skaffe meg PhotoShop.
Og eg skulle reise.
Og eg skulle gi bort ting eg kjem over som eg får lyst å gi bort.
Teaterstykke eg likar ville eg sjå gong på gong, på gong.
...
Hvis ikkje alt røyk straks i større bolig

Eg har budd i Kvinnherad,Stord,Karmøy og Bergen.

Vil vite meir om.
Eg har lyst å utfordre dei som stikk innom å gripe stafettpinnen eg.Håpar nokon føler seg kalla, og gi eit hint om det i kommentarfeltet her då slik at eg og andre finn deg.

EIN BLOMST TIL GRETHE


TAKK FOR I GÅR, GRETHE!!

søndag 1. juni 2008

PICASSO i Bergen er snart historie.

Berre ei påminning til alle som har tenkt å sjå Picasso enda ein gong.
8.juni er siste sjanse!

Bergen kunstmuseum

mandag 26. mai 2008

!!!!!!! ADVARSEL !!!!!!!

Er du, eller blir du beden om å vere Gudmor så vil eg berre åtvara. Følg barnet opp på sjikkele vis. Eg snakkar av erfaring.
Det kan fort la seg straffe om du slurvar.
Neida dåpsbarnet kan vekse opp og bli ei flott jente eller gut sjølv om du slurvar.

Eg har vore gudmor for to flotte jenter.
Og det er ikkje mi forteneste at dei blei som dei blei.

Det kan gå så fint, dei kan gå der utan å sutre og klage, du merkar lite til misnøyen.
Så plutseleg som lyn frå klar himmel kjem hevnen, og hevnen er ikkje søt for deg.
Du sit der i triveleg lag, ikkje midt i kyrkjetida, men med barn og kamera tilstede, og vips har den hevngjerrige fortare enn svint tredd eit RBK sjal om halsen din.

Foto:Knut Åkra
Det var jo enda godt at sjalet ikkje var blått og raudt.




Kva som skjedde med fotografen?

mandag 19. mai 2008

TIL ELISABETH

Desse beina fann eg 16.mai.
Eg drog til sentrum og forventa eigentlig å sjå ein og annan bere blå supporter-effektar.Bortsett frå politi i blå skjorter var dette det eg fant av blått.
- Og her var det ikkje berre blått gitt!!

Eg kunne jo ikkje ha gjeve Elisabeth ein Vålerengen supporter, men fargesprakande klovnebein, det kan ho få sjølv om ho ikkje er den som har minst fargar frå før av.
Ho er slett ikkje dårleg utrusta når det gjeld sko heller, sjå berre her.

Elisabeth, dette måtte jo bli gåve til deg med Regnbuestinga!

tirsdag 13. mai 2008

Eg fann eg fann - den herligste barnekunst



På turen min i går gjekk eg forbi Fridalen skole og vart overraska av fargar som lyste bak buskar og på betong.


SLIDESHOW.

Mitt bilde av Fridalen skole har vore
- den nedleggingstrua skulen
- skulen som treng så sårt til oppussing.
No har eg eit heilt nytt bilde av denne skulen. Det er skulen elevane har sett sitt preg på. Dei har gjort det som kunne sett ut som ein fengselsmur til ein mur med ein port ein kunne tenke seg å opna og gå inn.

mandag 12. mai 2008

Ta ein kikk på kvinnene i Bergen og Oslo.

Kvinnehistorisk natt vart arrangert for første gong i Oslo, for tredje gong i Bergen 8.mai 2008.
Kvinnelege heltar får prege byen.
Ta ein kikk når du er i sentrum så finn du dei nok.
Under Smørsbroen finn du mange, men der er kvinner overalt i byen no.


Björk er ei av mange store kvinner som vert hylla ved å bli vist i byrommet.


FOTO:
Kvinnehistorisk natt 2007 Bergen
Kvinnehistorisk natt 2008 Bergen
Slideshow

Tenk om bybanens stoppestader kunne få namn etter kvinnelege heltar?
Det hadde vore greier.
Det hadde vore heilt på sin plass!

mandag 5. mai 2008

GÅVE FRÅ ARGENTINA.

Gåve frå Daniel Cimadevilla
Dette biletet har eg alt lagt ut i TING, bloggen for slikt eg og andre har laga.Men: når eg får ei ku i posten frå Argentina...ja så er det så stas i at eg fort blir frista til å leggje den her og.
Min 'You make my day award' gjekk til Daniel Cimadevilla fordi det alltid er godt å tilbringe tid i bloggen hans.Så svara han meg med eit bilde i stor konvolutt frå Argentina.
Slike uventa gåver er som vitaminer.

søndag 20. april 2008

EG FANN,EG FANN - ein fargeklatt.

Når eg er på tur og har fotoapparatet med kjem eg bestandig heim med eit drøss av verkeleg kjedelege foto.Særleg når eg går rundt Tveitevatnet.
Mange av desse blir liggjande til ingen nytte.

No skal eg bli flink.
Eg skal velge eit "Eg fann, eg fann" foto. Resten skal slettast dersom det ikkje er grunn til å samle på dei.

I dag var det ein fargeklatt som overlevde.

"Leilighet ledig ved Tveitevannet"

fredag 18. april 2008

KVINNEHISTORISK NATT 8. MAI 2008

Eg hadde ikkje høyrt om Kvinnehistorisk natt før eg fann desse under Smørsbroen forrige sommar. Då eg kom heim søkte eg på nettet og fann ut at kvinner i Bergen hadde brukt ei natt i mai til å hylle kvinnelege heltar ved å lage plakatar og henge opp rundt i byen.


No ser eg på Underskog at Kvinnehistorisk natt går av stabelen for tredje året på rad.
Dei oppfordrar folk til å lage plakatar av kvinnelege heltar og møte opp ved
den blå steinen kl.20.00
torsdag 8.mai 2008


Eg siterer frå Underskog:
"...Denne kvelden håper vi at du vil være med å henge opp plakater av ei dame som på en eller annen måte inspirerer, motiverer eller betyr noe spesielt for deg. Dette kan være alt fra din bestemor, din yndlingsromanfigur, Simone de Beauvoir eller Mona Størseth. Når du kikker rundt deg i byen vil du fort merke at gatene er oppkalt etter menn, statuene forestiller menn og byrommet i likhet med resten av offentligheten er preget av menn. Når kvinnene ses i byen er det ofte som passive objekter på byens reklameflater.

Derfor feirer vi kvinnehistorisk natt igjen!..."

Eg synest dette er så flott tiltak.
Eg får lyst til å delta. Og ihvertfall skal eg kikke meg rundt i by'n. Eg gler meg til å sjå alle heltane!

torsdag 17. april 2008

NY TRENAR I BRANN

ELISABETH GJØR TING HUN IKKE TØR 3
Så var ny trenar på plass i Brann og.

HER finn du Elisabeth gjør ting hun ikke tør 1 og 2

mandag 14. april 2008

DET FINST JENTER

DET FINST JENTER SOM KLATRAR HEILT TIL TOPPEN SJØLV OM DEI HAR HØGDESKREKK




Vågslid april 2008

tirsdag 8. april 2008

TAKK MIAMOR!

Eg har fått deilig sjokolade...




...og Flax lodd av Miamor

Og eg hadde Flax. 50 kroner.
Eg har inntrykk av at Miamor ville at eg skulle vinne ein mill. Men Miamor det går an å få 50kr til å bli noko godt.
Eg har ikkje tenkt på kva enda.

Miamor spør kva eg ville gjere om eg vann 500 000.

Eg veit ikkje kva det andre eg ville gjere var, ikkje det tredje og fjerde heller.
Men det første eg ville gjere var å planlegge ein orntlig fest med innleigd kokk, ein orntlig flink ein. Eg ser ikkje bort frå at det ville blitt Joakokken.

Det er så herlig å ete god mat i selskap med folk eg trivest ilag med.

OG EG HAR IKKJE LOV AV MIAMOR Å BETALE NED GJELD

fredag 4. april 2008

CONTAINERHAVNA


For meg er ikkje Containarhavna skjemmande.
Til meg fortel Containerhavna noko om byen vår.

Når eg traskar forbi, er det heilt greit at den ligg der,
det er jo trass alt ikkje min bakgård.

Eg synest desse containerane er nesten vakre.
Dei er slik enkelte menn er, dei er styggfine

MEN, eg slit ikkje med å forstå denne dama

onsdag 2. april 2008

BERGGLEDE

Dette er tida på året då ein må gå tett på ting.
Naturen er så gustenbrungrå at ein må kikke på dei små detaljane for å finne noko å glede seg over.

mandag 31. mars 2008

UT OG STJÆLE LÆNESTOLA

Eg tenkte eg skulle lage ein post om våre 3 poeng i serieopninga, om at "Vi har Thorstein Helstad..." og jammen har vi Karadas og. Men det vart liksom til ingenting av det.

Det eg derimot fekk lyst til, jo det var å rappe dette bildet frå Jamtea

Eg falt for dette fotografiet straks eg såg det, og no i nattens mulm og mørke var eg oppe på Flickr og rappa det.
Er det ikkje eit bra foto?!

torsdag 27. mars 2008

SALT RUTE



Hurtigbåten Tranen går i salt rute i Sunnhordland.

Dette fotografiet lyg litt.
Du ser langt meir av den vakre naturen gjennom vindauga på hurtigbåten.

tirsdag 19. februar 2008

FAIRTRADE - RETTFERDIG HANDEL

Eg har ikkje grunn til å vere stolt når det gjeld rettferdig handel. Ei rekkje produkt finst tilgjengelege, men likevel; rettferdig har eg ikkje vore når eg har handla.

I dag har eg for første gong på mange år kjøpt ei FAIRTRADE merka vare.
Det er så himla greit å ikkje tenkje over det. Å ikkje tenkje over at det faktisk finst FAIRTRADE merka produkt.
Nyte billeg kaffe, utan å vere medviten om at råvarene blir levert til ein så låg pris at dei som dyrkar, haustar og leverer kaffebønnene ikkje tener nok til å brødfø seg og familien sin.







Rimi kaffe kr.12,50

FAIRTRADE kaffe fra Friele kr.19,50

Ein kan jo spørje seg kor mykje jordeigarane får for å levere kaffebønner til Rimikaffe.

Kjenner du til FAIRTRADE merka varer du kan anbefale?

onsdag 6. februar 2008

MIN PERSONLEGE TRENAR

Eg er blitt min personlege trenar.
Første modul er å få gang på å trene streken.

Kvar veke skal eg dagleg, og minst 3dg i veka fylle eit ark med linjer, strek,punkt. Dette skal ikkje bli vakkert,det er berre for å halde streken varm.

Kvar gong eg hentar fram blyanten igjen, ja så er eg tilbake på begynnarstadiet.
No har eg som mål å heile tida teikne litt.

Første veka var eg ein god elev, men eg har vore min gode elev tidlegare óg...første veka, og no gjeld det å halde fram med det, det er det slett ikkje bestandig eg gjer.

KNIV FRÅ FRETEX

Kniven eg kjøpte på Fretex er flittig i bruk. Den er ein orntlig god blyantkvessar.

torsdag 24. januar 2008

Ville "unngå å skape unødig uro"

Vi ville ikkje skape unødig uro begrunnar styreleiar ved privat stiftelse det med på spørsmål frå BT om kvifor tillitsvald ikkje er orientert om at den private stiftelsen i tre år ikkje har betalt inn pensjonspremie for dei ansette ved institusjonen stiftelsen driv.

Er det berre eg som blir rysta og forbanna?
Eg vart jo overraska over at det var mulig å unnlate å betale inn pensjonspremie.
Enda meir overraska blir eg over å lese at dette gjeld for 3 år, og tillitsvalde ikkje er orientert.

Når det så står å lesa at styret ikkje ville skape unødig uro blant tilsette ved å orientere tillitsvalde om dette, det er då eg kjenner raseriet entrar scenen.
Det er då veldig mange spørsmål poppar opp.

Eg merkar at dette vesle ordet unødig blir eit digert ord.


onsdag 23. januar 2008

21.mai - 4.juni 2008

Dei dagane i slutten av mai
og dei første av juni
dei dagane eg førestiller meg at det alltid er solskin og varmt
her i Bergen
dei dagane gler eg meg til no

21.mai - 4.juni
javisst er det ei tid til
mykje skal skje før den tid
men litt kan det då få surre alt no.

Det er berre såvidt eg har kikka innom årets festspelprogram enda



dette året skal eg smake enda meir av festspeljordbæra enn tidlegare

tirsdag 22. januar 2008

GOD GAMMEL AARGANG

BERNINA Nova.
I GÅR PRØVEKJØRDE EG DEN.
Denne sydde mange mil på begynnelsen av 80talet.
OK, eg snakkar litt romsleg,men pytt pytt.
Dei siste 20 åra har den berre teke plass, og det er jammen på tide ho begynner å yte litt.
Joda,ho har bidrege med ein og annan saumen eit og anna året, men det er klær den vart oppdregen til å sy, og der har ho svikta fullstendig.

No har eg beint vegra meg ein smule for å plugge kontakten i veggen i frykt for å få stadfeste at den har sett sine beste år.
I går tok eg mot til meg, og det ser betterdø ut til at den kan yte litt meir.
YESS...det er bra, for eg har aldeles ikkje lyst på ny symaskin.

Mmm...dette var jordbær. Skulle den gi meg litt piggtrådopplevingar,skal eg vel akseptere det.

søndag 20. januar 2008

ON THE ROAD AGAIN

I ein periode måla eg dagleg, og aldri mindre enn tre dagar i veka.
No har det gått eit år sidan sist, - eller er det meir enn eit år?

NO HAR EG TØRKA STØVET AV MALINGFLASKENE og det kjennest himmelsk


Det triggar lengselen etter atelieret mitt, men inntil vidare får stova duge.
Atelieret er på framleige, men kanhende skal eg få med meg fleire som treng ein plass å boltre seg på i løpet av året. - Ja, det skal eg ha litt i tankane utan å stresse det.

torsdag 17. januar 2008

'You Make My Day' Award

Takk for denne utmerkelsen Elisabeth!
Din blogg er jo ein av dei eg titt og ofte er innom, og du kunne godt fått ein tilbake.

Det har gått nokre timar sidan eg mottok denne no, og det er mange bloggar eg godt kunne gi denne utmerkelsen. Har tenkt over, skal eg gi den til fleire eller til ein blogg.

Valet fall på den eine bloggen som betyr noko heilt spesielt for meg.
Daniel Cimadevilla frå Argentina.
Det er ein blogg eg ofte besøkjer, og blir glad kvar gong eg går inn der.Bildene hans er for meg heilt spesielle, eg skulle gjerne hatt maaange av dei på veggen min. Når eg ikkje har nokon av dei, er eg glad eg ihvertfall kan sjå dei i denne bloggen.
Det er ikkje eit av bildene eg har funne her eg har opplevd å stille meg likegyldig til, det er som han gir noko i kvart penselstrøk, og eg er han takknemlig.

Your art Make my day, Cima.