torsdag 24. januar 2008

Ville "unngå å skape unødig uro"

Vi ville ikkje skape unødig uro begrunnar styreleiar ved privat stiftelse det med på spørsmål frå BT om kvifor tillitsvald ikkje er orientert om at den private stiftelsen i tre år ikkje har betalt inn pensjonspremie for dei ansette ved institusjonen stiftelsen driv.

Er det berre eg som blir rysta og forbanna?
Eg vart jo overraska over at det var mulig å unnlate å betale inn pensjonspremie.
Enda meir overraska blir eg over å lese at dette gjeld for 3 år, og tillitsvalde ikkje er orientert.

Når det så står å lesa at styret ikkje ville skape unødig uro blant tilsette ved å orientere tillitsvalde om dette, det er då eg kjenner raseriet entrar scenen.
Det er då veldig mange spørsmål poppar opp.

Eg merkar at dette vesle ordet unødig blir eit digert ord.


onsdag 23. januar 2008

21.mai - 4.juni 2008

Dei dagane i slutten av mai
og dei første av juni
dei dagane eg førestiller meg at det alltid er solskin og varmt
her i Bergen
dei dagane gler eg meg til no

21.mai - 4.juni
javisst er det ei tid til
mykje skal skje før den tid
men litt kan det då få surre alt no.

Det er berre såvidt eg har kikka innom årets festspelprogram enda



dette året skal eg smake enda meir av festspeljordbæra enn tidlegare

tirsdag 22. januar 2008

GOD GAMMEL AARGANG

BERNINA Nova.
I GÅR PRØVEKJØRDE EG DEN.
Denne sydde mange mil på begynnelsen av 80talet.
OK, eg snakkar litt romsleg,men pytt pytt.
Dei siste 20 åra har den berre teke plass, og det er jammen på tide ho begynner å yte litt.
Joda,ho har bidrege med ein og annan saumen eit og anna året, men det er klær den vart oppdregen til å sy, og der har ho svikta fullstendig.

No har eg beint vegra meg ein smule for å plugge kontakten i veggen i frykt for å få stadfeste at den har sett sine beste år.
I går tok eg mot til meg, og det ser betterdø ut til at den kan yte litt meir.
YESS...det er bra, for eg har aldeles ikkje lyst på ny symaskin.

Mmm...dette var jordbær. Skulle den gi meg litt piggtrådopplevingar,skal eg vel akseptere det.

søndag 20. januar 2008

ON THE ROAD AGAIN

I ein periode måla eg dagleg, og aldri mindre enn tre dagar i veka.
No har det gått eit år sidan sist, - eller er det meir enn eit år?

NO HAR EG TØRKA STØVET AV MALINGFLASKENE og det kjennest himmelsk


Det triggar lengselen etter atelieret mitt, men inntil vidare får stova duge.
Atelieret er på framleige, men kanhende skal eg få med meg fleire som treng ein plass å boltre seg på i løpet av året. - Ja, det skal eg ha litt i tankane utan å stresse det.

torsdag 17. januar 2008

'You Make My Day' Award

Takk for denne utmerkelsen Elisabeth!
Din blogg er jo ein av dei eg titt og ofte er innom, og du kunne godt fått ein tilbake.

Det har gått nokre timar sidan eg mottok denne no, og det er mange bloggar eg godt kunne gi denne utmerkelsen. Har tenkt over, skal eg gi den til fleire eller til ein blogg.

Valet fall på den eine bloggen som betyr noko heilt spesielt for meg.
Daniel Cimadevilla frå Argentina.
Det er ein blogg eg ofte besøkjer, og blir glad kvar gong eg går inn der.Bildene hans er for meg heilt spesielle, eg skulle gjerne hatt maaange av dei på veggen min. Når eg ikkje har nokon av dei, er eg glad eg ihvertfall kan sjå dei i denne bloggen.
Det er ikkje eit av bildene eg har funne her eg har opplevd å stille meg likegyldig til, det er som han gir noko i kvart penselstrøk, og eg er han takknemlig.

Your art Make my day, Cima.