lørdag 21. mars 2009

C for Cantwo

Eg skal ikkje presentere berre graffiti og gatekunst i ABC i bilder, men Cantwo må få bli med når vi først har C i alfabetet. (Oy, neste veke er det D, puhu, greier eg å halde meg unna DOLK?!)

Sjølv om eg fotograferer graffiti her i Bergen kjenner eg ikkje til mange store writers, og Cantwo var ukjent for meg inntil i haust då han var invitert til Bergen som juryemedlem i graffitikonkurransen som gjekk av stabelen i september.

At fyren kan sine ting er sikkert

Her er den ferdige piecen, 25 års erfaring ligg bak denne…

…og nokre timars jobb

Medan gatekunstnaren brukar sjablong, skissar writeren og malar så direkte på veggen.

Det finst utallige typar dyser, du kan få dyser som gjev tynne,tynne linjer. Eg har lese at Cantwo berre bruker to forskjellige dyser. Sikkert greit å greie seg med to, for det må vere litt av et pes å ha altfor mange å veksle mellom.

Det er faktisk slik at eg angrar at ikkje eg òg har ei trøye signert Cantwo. (Eg fleipar ikkje)

Dette siste bildet synest eg egentlig er det gøyaste , men det er første gong eg legg det ut i blogg.

Cantwo si heimeside

Her i GRAFFITI BERGEN er tre postar frå denne graffitikonkurransen

søndag 8. mars 2009

A for ARAM

Det er første runde i ABC i bilder.

Under bokstaven A var det lett å velje. A for ARAM som er ein av gatekunstnarane som har pynta byen vår. Den av våre gatekunstnarar vi veit ein del om er DOLK, ARAM derimot veit vi lite om. Eg har fått ein mail frå ARAM ein gong, den var skreven på engelsk, så eg gjettar at denne gatekunstnaren ikkje kjem fra Bergen…men kven veit?

 

Denne stencilen står fortsatt i Kalfaret, og eg håpar og trur at den får stå der til vær og vind har fjerna den.