tirsdag 19. februar 2008

FAIRTRADE - RETTFERDIG HANDEL

Eg har ikkje grunn til å vere stolt når det gjeld rettferdig handel. Ei rekkje produkt finst tilgjengelege, men likevel; rettferdig har eg ikkje vore når eg har handla.

I dag har eg for første gong på mange år kjøpt ei FAIRTRADE merka vare.
Det er så himla greit å ikkje tenkje over det. Å ikkje tenkje over at det faktisk finst FAIRTRADE merka produkt.
Nyte billeg kaffe, utan å vere medviten om at råvarene blir levert til ein så låg pris at dei som dyrkar, haustar og leverer kaffebønnene ikkje tener nok til å brødfø seg og familien sin.







Rimi kaffe kr.12,50

FAIRTRADE kaffe fra Friele kr.19,50

Ein kan jo spørje seg kor mykje jordeigarane får for å levere kaffebønner til Rimikaffe.

Kjenner du til FAIRTRADE merka varer du kan anbefale?

onsdag 6. februar 2008

MIN PERSONLEGE TRENAR

Eg er blitt min personlege trenar.
Første modul er å få gang på å trene streken.

Kvar veke skal eg dagleg, og minst 3dg i veka fylle eit ark med linjer, strek,punkt. Dette skal ikkje bli vakkert,det er berre for å halde streken varm.

Kvar gong eg hentar fram blyanten igjen, ja så er eg tilbake på begynnarstadiet.
No har eg som mål å heile tida teikne litt.

Første veka var eg ein god elev, men eg har vore min gode elev tidlegare óg...første veka, og no gjeld det å halde fram med det, det er det slett ikkje bestandig eg gjer.

KNIV FRÅ FRETEX

Kniven eg kjøpte på Fretex er flittig i bruk. Den er ein orntlig god blyantkvessar.