tirsdag 30. desember 2008

Julehelsing frå Brasil.

Nokon av dykk som besøkjer bloggen min har gjerne fulgt linken til Mauricio sin blogg, EL COLLAGE.

Tett oppunder jul tikka julehelsinga frå Mauricio inn. Etter ønsker om ei god jul, låg denne utfordringa:

"In 2009, go ahead writing your own history"

Fotocollage Mauricio Planel

Ei slik utfordring er stor, og det er litt av ei gave om ein tar den imot.

Eg har fått lov til å dele den med dykk som besøkjer bloggen min.

mandag 8. desember 2008

Demning...vulkan....joik.

Utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget var det som vekte Mari Boine, fekk henne til å sjå kor undertrykt det samiske i henne var, trigga fram ein vulkan.

Ein treng ikkje vere av same ætt for å tape deler av oss sjølv i ein sosialiserings prosess.
- kven har ikkje noko som bevisst eller ubevisst blir halde tilbake, som skulle fått vekse og gro?
- kven held ikkje noko tilbake når vi går inn i nye roller?

Å tilpasse seg er nødvendig, men kva blir borte?
- Kva må gjerne fare, og kva må vi ta vare på?

Eg trur landet vårt må vere fullt av sovande vulkanar.

mandag 1. desember 2008

EMERGENZA finale på USF

Dei fleste som besøker bloggen min har sikkert aldri høyrt om Emergenza.
Emergenza er ein stor musikk konkurranse for upcoming band.
Her er det ikkje som i Idol at deltakarane blir meir og meir like, meir og meir styla og veileda inn i det glatte og preglause etter kvart som dei heng med runde for runde.

14 band som ikkje var glatte og kjedelege deltok i finalen på USF lørdag.
Vinnarane var meir enn eit fyrverkeri, fytti katta! Har du bruk for å få opp energien så sjekk om det er ein Mollygogo konsert på plakaten, dei har plenty av fart og energi, - òg det smittar.
Neste stopp for Mollygogo som vann er den norske finalen på Rockefeller, så kan vi håpe på at dei går vidare derifrå og dankar ut dei andre skandinavane i Stockholm, for då møter dei resten av verden i Tyskland.
Waaow alle vestlendingar, følg med, følg med!
Dette blir spennande.

HER ligg foto frå finalen.



MOLLYGOGO.COM
EMERGENZA
Wikipedia
EMERGENZA.no RESULTAT OG FOTO