søndag 7. september 2008

Eg har et spørsmål, Knut.

Han har vore på nattevakt, og skal det igjen.
Det er enda ganske lenge før eg kan vekkje han, men eg har eit spørssmål som eg så inderleg gjerne skulle hatt svar på:

I kva Skuteviksbod er det de har øvingslokale?

Det første eg såg då eg gjekk inn på BT i dag var at det hadde vore nok ein brann i Sandviken.Først tenkte eg på bygningane som var gått tapt, og alt som kunne ha gått tapt.Det streifa meg at det er jo i Skuteviken Knut & co har øvingslokale no, men det var først då eg las dette i BA at eg verkeleg forstod at øvingslokalet deira kan liggje som svarte restar i ei branntomt.



Det høyrest kanhende dumt ut, men fortsatt reknar eg med at deira øvingslokale er i ei anna Skuteviksbod.

5 kommentarer:

Miamor sa...

Har du fått svar, eller is it still blowing in the wind??

Triste saker, og tragisk at kultur går tapt..

ArneA sa...

Tenkte akkurat på det samme som miamor.
Kankje han ikke vil fortelle da det tydligen hersker tvil om brukstillatelsen i branntomten.
Skummelt

Tone sa...

Takk for besøket!
Joda, dei har mista øvingslokalet sitt.
Dette er berre så frykteleg trist.
Det slår jammen hardt når både verdifulle bygg brenn ned, og eit så stort musikkmiljø samtidig blir veldig hardt ramma.
Dette er berre trist.

Knut og bandet hans er blant dei minst uheldige, dei hadde minimalt med utstyr der nede.

Helle Kjersti sa...

Huff, dette var da ille. Du får hilse han fra oss, og trøste han med en klem!

Tone sa...

Veit du, Helle DEI HAR FÅTT NYTT LOKALE.
Men eg skal helse og klemme lell eg.