torsdag 18. september 2008

Ein lørdag heilt annleis enn det som var planlagt.

Denne helga har vore ein einaste lang fotosafarie.
Det starta lørdagen. Eg hadde tenkt å kikke litt på detaljane på Bryggen, men dit kom eg aldri.
Det har seg nemlig slik at eg ville ta ein kjapp tur oppom Sentralbadet først for å sjå om der var noko nytt på veggen.

Eg er bestandig aleine når eg er der, så overraskelsen var , ja på ein skala frå 0 til 10, så sprengde den skalaen då det viste seg å vere full aktivitet der.

Eg hadde havna midt oppi ein graffiti konkurranse.

Nordveggen var nesten tom då eg kom, men det varde ikkje lenge.

Spreke unge menn underheldt.


Og den her dama...



...ho skal til slutt gå hen og vinne heile kalaset!



Vil du sjå fleire i sving kan du kikke HER

2 kommentarer:

Elisabeth Augusta sa...

Havna midt i smørøyet, gjorde du. Det måtte jo være spennende. Men hva søren er det de har skrevet?

Tone sa...

Ja, det var litt uventa og artig.
Eg har og slittmed å sjå kva dei har skreve, dumt av meg å ikkje spørje dei.
For meg ser det ut som dei har skreve Blur, og har eg rett er det vel ikkje så underleg om vi slit med å sjå det.
( det er ikkje alle som ligg i posten her som deltok i konkurransen)