onsdag 24. september 2008

Kva skjer med sjøbodene?




Eg lurer på kva som føregår no.
Er det arbeid på gang for å sikre sjøbodene.
Blir noko gjort for å få brannsikring på plass?
- For å sørge for ordentleg vedlikehald?
- Kjem det offentlege midlar på bordet?




Eg blir flau.
No skulle vel vi her i Bergen gått inn i ein orntlig brainstorming: Korleis reddar vi sjøbodene?

Etter Skutevikbrannen gjekk det ikkje to dagar før musikkmiljøet hadde planane klare for å støtte dei som var ramma.

Vi andre er opprørt og skremt, men vi sit berre og sørger og ventar på at andre skal gjere noko.
Vi ventar at staten skal inn med midlar, vi forventar at dei som styrer med historie, kultur og "denslags" skal sørge for at noko blir gjort.
Det skal vi forvente òg, men vi behøver ikkje overlate alt til andre.

3 kommentarer:

Marie sa...

Uff ja, det er trist når gamle byggningar forsvinn på denne måten. Dersom brannane er påsette er det direkte skummelt synest eg. Kan fort gå menneskeliv tapt.

Betty Boom sa...

Det er jo egentlig dønn naturlig at ting brenner ned, trist men sånn er det.

Tone sa...

Visst er det naturlig, men det går jo an å gjere noko for å redusere sjansen for at det skal skje.