fredag 12. september 2008

UBEHAGELEG MANGE BRANNAR I SANDVIKEN

I DAG VAR EG REDD
Forrige helg då det brann i Skutevikbodene tudde eg ikkje Knuts lokale kunne vere i eit brannramma bygg før han vakna og bekreftelsen låg i mobiltelefonen hans.

No då eg høyrde det brann i ei sjøbod på Måseskjæret...eg vart redd!
Eg hadde denne ferske erfaringa med at vi òg kan bli ramma.
Mitt lokale er i Sandviksboder 73 på Måseskjæret, ansikt etter ansikt dukka opp.
Eg gjekk inn på BT, men der var ingenting om brannen då, men frå balkongen min kunne eg sjå at det var sant, det brenn i Sandviken denne helga òg.
Ansikta frå nr.73, frykten.

Dette var jo eit tidspunkt då dei godt kunne vere der alle sammen.
Eg ville ikkje ut der, men eg måtte vite, og ringde Else som leiger lokalet mitt.
Eg måtte berre høyre stemma hennar
... telefonsvarar.
Straks etter ringde Else.
Aldri har det vore så godt å høyre den stemma.

Det er skummelt mange brannar i Sandviken.
Forrige helg tenkte eg at dette begynner jo nesten å bli litt ekkelt.
No synest eg det er fryktelig ubehagelig, og det må spre seg frykt blant folk som bur i den gamle trehusbebyggelsen der ute.

6 kommentarer:

Petunia sa...

Ja, huff. Synes det er skummelt jeg også. Får håpe det er slutt på dette nå.

Elisabeth Augusta sa...

Det er helt for jævlig.

Petunia sa...

Spennede å se hva du tryller frem til fotosafari i dag!
Jeg er ikke med på bloggtreff bilde,...jeg tok det (haha) Nei, jeg liker ikke å si det, men det dukket opp da jeg googlet på " pictures of old ladies"
:P

Helle Kjersti sa...

Ja, nå må det være nok brann i Bergen. Heia Brann blir liksom litt malplassert!

Petunia sa...

Fotosafari inne hos meg i dag:) Ta på deg turklær!

Tone sa...

Her har det vore masse besøk medan eg har fotosafarert :)
Takk for besøket!

Off ja, Helle, men no må de passe på i Stavanger. Før var det Trondheim, så Bergen...Nei, la oss håpe det ikkje ryk med fleire gamle kulturminne no.
Det har blitt mykje brann i bloggen no,men det blir vel nokon frå helgas fotosafariar og.