mandag 27. oktober 2008

"Steve Harley & Cockney Rebel" på Rick's. Årets begivenhet!

Det sveiv meg ikkje at eg skulle komme til å oppleve ein konsert med Steve Harley & Cockney Rebel.
Om eg ikkje hadde ein sønn som på 90 talet visste å bruke mammas vinylsamling for det den er verdt,
og blant andre skattar fann Steve Harley,
ville eg nok ikkje havna på Rick's lørd. 25.okt.2008.

Denne sønnen er den typen som ein dag kjem og seier : "Har du mamma lyst å bli med på Steve Harley konsert?....eg kan bestille billettar eg."
Og eg er den typen mamma som straks seier ja, og er lykkelig og forventningsfull.



Gud bedre som eg gleda meg!
Steve Harley!!!

Sjølv om eg visste det måtte bli bra
ja så ana eg ikkje kor bra det skulle bli!
Det er heilt klart årets begivenhet!


Ein dyktig gitarist forringar ikkje akkurat ein konsert.

Denne fiolinisten presterte ein solo der vi blei med til himmels utan å forlate jorda.

Dei var så fordømrade ujålete, dei entra scenen med de fantastiske låtane sine.
Dei hadde det openbart gøy, var lune og koselige, smilande, òg vanvittig rå...og dei la aldri på ekstra råskap.



Det var tydelegvis fleire enn Knut som har nytt godt av ei eller anna mammas (eller pappas) vinylsamling. Det var mange unge menn der, og nokon var tydelegvis blodfans.
Ein gjeng veldig unge menn kunne alle tekstane,
og Steve Harley var dirigenten som fekk heile salen til å synge så Bataljonen ville bli grøne av misunnelse.


...og kven kunne tru at fyren skulle bli så sexy på sine gamle dagar?

SLIDESHOW

SteveHarley.com

7 kommentarer:

Petunia sa...

Skulle akkurat inn her og etterlyse deg og høre om du hadde blåst bort, men så hadde det jammen kommet nytt innlegg. Jeg ser du har vært og svingt deg:)
Veldig kjekt det!!
Jeg har savnet deg på nettet, så dette var jo en bra avslutning på bloggkvelden:)

Tone sa...

Ja Petunia eg har vore bortreist, og faktisk kunne denne konserten fort blåst bort. Kom over Løfallstrand lørdag, og etter at eg kom meg over til Gjermundshavn vart ferja innstilt. Heldige meg som har ein sønn som skaffar meg billett og kjem meg over Hardangerfjorden før ferja blir tvinga inn i fortøyningane :))

Miamor sa...

wow..der skulle jeg ha vøri ja!!! feira Miamormannen sin bursdag istedet....

Tone sa...

Å, de skulle ha feira på Rick's

Helle Kjersti sa...

Så bra, Tone! Skulle gjerne vært med deg! Det gjør seg å komme ut og høre noe skikkelig musikk av og til. Og så bra bilder!

Tone sa...

Ja Helle, du skulle vært med!!!
Sist eg var på Rick's høyrde eg på Jarle :)

=Anja sa...

Hei Tone
Et lite sidespor:
Veldig hyggelig at du er innom meg av og til!
Klem
Slutt