Det er lenge sidan sist eg gjekk til by’n, men det er ein fin tur, og eg har jo slett ikkje vondt av det.
Og så finn vi jo alltid noko langs vegen
Denne “melis boksen” har eg lagt merke til når eg fer forbi i buss eller bil. Melis har elles sett spor etter seg både på lovligveggen på sentralbadet og ved Smørsbroen.
Og denne fyren eg møtte i Haukelandstunnellen er eg igrunnen glad eg ikkje kjenner personlig.
Stakkar Susann! Eg veit ikkje om ho er slengt eller plassert på gata.
Eg forlot Susann og gjekk mot Sentralbadet. Aktivitetsnivået er høgt der på denne tid av året.

Eg var alt i utgangspunktet begeistra for linjene og flatene i denne piecen.
Då eg kom tilbake kort til etterpå og tittelen på ein av mine favorittromanar var blitt ein del av den smelta eg jo.
Har du ikkje lest “Ut og stjæle hester” så løp til biblioteket. Det er ein nydelig, velskreven roman.

Eg fekk ikkje sjå denne heilt ferdig, og heller ikkje desse under.
Det er mange aktive på veggen no, og ein piece får ikkje stå lenge. Litt synd for det er mykje arbeid og heilt sikkert litt trist å sjå det forsvinne like etter at dei er ferdige. Samtidig er det kjekt at det er så mykje aktivitet, og at vi stadig får sjå nye ting.
Eg trudde ikkje det skulle bli meir fotografering då eg putta kameraet i veska og gjekk for å ta bussen heim. Det var før eg kom inn i Sigurdsgate.
Der stod desse to, som eg mangla i C215 samlinga. Eg visste dei befant seg ein stad i by’n, men ikkje kor dei stod.
C215 er ein fransk gatekunstnar som besøkte Bergen i mai, og har etterlatt seg mange nydelige stencils som verkeleg gjer enkelte av gatene her meir interessante. Eg anbefaler å ta ein kikk på resten av det eg har lagt ut her.
Det var søndagsturen. Kanskje eg skulle gå på fjellet neste søndag :)
5 kommentarer:
Dere har så mye fin gatekunst i Bergen. Takk for at du viser den fram, Tone!
De har jo ein god del fint i Oslo og da!
Kjekt at du liker det!
Det er så stille fra din kant for tiden og jeg må innrømme jeg savner dine innlegg og dine besøk inne hos meg. Ja og ha en annen kvinne og diskutere fortball med også. Er det bare vi to som er interessert???
Var du på Stadion i dag og så dem vinne?
Jeg fulgte med på TV sin fotballistudio sending. Litt håpløst, men dog bedre enn ingenting.
Bulle var på Stadion for første gang da Brann slo Lyn ut av Cupen. Han er ikke så interssert i fotball den gutten, men det er jo greit å kunne si at man har vært der. Han var mer opptatt av det dårlige utvalget av is i kiosken og ikke minst prisen på isen. Og at stormskjermene burde stått på i motsatte hjørner av hverandre og slik alle kunne se og ikke i endene av samme langside. Sant nok det. Fotballen var han ikke så opptatt av, men han syntes ikke brann spilte så veldig godt - og det er jo også sant.
Forrige søndag satt vi på Ulriken og dinglet med bena. Det tok 44 år før jeg kom meg opp til masten. Burde egentlig ikke si det høyt, men men.
Håper du har kommet deg på søndagstur denne søndagene også:)
Ja, Petunia, det har blitt veldig lite blogging her. Det som har føregått her har vel stort sett føregått i GRAFFITI BERGEN, og sjølv der har det vel helst vært litt stille.
Reknar med eg skal finne eindel å fylle i STREETART BERGEN og no.
Skal sjå om det ikkje blir ein post i denne bloggen og snart :) men i periodar oppøever eg nesten einslags tomhet av å vere for mykje på nett. Det er som nettkommunikasjonen ikkje gir fylde til livet slik annan kontakt og kommunikasjon gjer. MEN eg må gjerne servere litt jordbær og piggtråd igjen snart :)
Takk for besøket, eg stikk snart innom på besøk. No har eg ei 3mil lang liste med ulest e-post å gå gjennom etter å ha vore bortreist ei stund.
...skatter dette Tone...mei jeg er ikke kursholder, men tror du hadde hatt sansen for dette opplegget...sjekk linkene...og god tur videre..kom akkurat inn etter en liten regnfull tur i nærområdet...ønsker meg et nøkkerose-bilde..men den fikk jeg ikke tak i...men får ta med meg ei rive neste gang...
Legg inn en kommentar