lørdag 30. august 2008

EIN DAG MED GODE FORMIDLARAR

Eg synest det er så godt å vere i rom med folk som har noko å fortelje og som har dette lille ekstra i måten å formidle på.
Den ferskaste opplevinga eg har med gode formidlarar er frå forrige helg då eg var i Åkra. Eg har alt i posten under fortalt om dei som rodde til kyrkje.
I kyrkja var det først ei kort gudsteneste, ja faktisk rakk presten både ein barnedåp og møte med neste vårs konfirmantar i løpet av ein go halvtime. Når det er sagt, må eg og føye til at han gjorde desse seremoniane nære, vakre og særeigne.


ETTERPÅ VAR DET SONDRE OG LARS ERIK SIN TUR.

SONDRE BRATLAND
Sondre er god å høyre syngja, men ei stemme god å høyre på er ikkje mindre verdt når du skal fortelje.Han er slik ein lun god forteljar Sondre.
Denne dagen opna han med å lese "So rodde dei fjordan" av Aslaug Vaa, og i fortsetjinga veksla han mellom å syngje og å fortelje om blåtonar, tradisjonar og tradisjonsberarar.

Åkra har og ein lokal formidlar,Lars Erik, som både har stoff å formidle og er kvikk i replikken. Det var så artig å høyre på desse to. Sondre med tonane som tema, og Lars Erik som fortalde om kyrkjebygget, fulle av humor begge to. Dei kunne fortalt om kva som helst og vi ville ha sete der utan å falle i søvn.

LARS ERIK TJELDFLÅT

Eg skulle ynskje eg ofte var i rom med menneske fulle av små forteljingar.

6 kommentarer:

Helle Kjersti sa...

Så flott! Alle gode opplevelser må tas imot med takk!

Petunia sa...

Dette er slike øyeblikk man har lyst til å "fryse" fast langt inne i seg og oppleve gang på gang:)

Petunia sa...

Har du lagt ned fotballbloggen? Hvis du har det, så har du min fulle sympati. Ikke mye som inspirerer til å blogge om i det emnet.
Men man prøver så godt man kan å være tilhenger i motgang også og skal man følge tendensen etter sist gang de tok gull, så skal de jo egentlig rykke ned i år - men den plassen har jo Ham Kam reservert. Godt for Brann at det bare er ett lag som kan gå den i år...
Grøsser ved tanken på Brann i Adeccoligaen... Det ville vært nedsig - bokstavelig talt.
Men burde Mjelde gå??? Er det han eller de andre 11 som ikke gidder å gjøre jobben sin...Ja, de lærde strides.
Ingen av dem er sulten nok. Vi får la dette bli et hvileår og ikke håpe at det blir 44 år til neste gang.
Da Brann tok gullet i fjor er også et slik øyeblikk man skulle ønske å fryse fast.

Tone sa...

Ja Helle...og livet er jo fullt av gode opplevelsar, store og små. Og så er det jo nokon som stikk seg ut.
Det hadde jo vore kjekt å bli med på roturen òg. Dei har nok hatt mange fine og artige roturar frå Fjæra til Åkra, men det har nok sikkert ikkje alle dagar det var like kjekt i båt inn fjorden.

Petunia, det er lenge sidan eg har blogga fotball no, det er rett og slett fordi det er lenge sidan sist eg var på stadion.
Det ville jo vere nok å skrive om:)

Brann i adeccoligaen ja, då ville eg bli nødt til å fortsetje å gå på stadion, men så galt kjem det jo ikkje til å gå.
Når det gjeld Mjelde så må han nok gå, men om han må gå no, det er eg ikkje sikker på. Roald Brun Hanssen burde jo vere ein like god kandidat til å bli vist utgangen.
Når det er sagt bør dei jo ha vidopne auger når det gjeld å kikke på trenarerstatning òg. Det har dei sikkert, men det er jo ikkje slikt det blir snakka om før han blir presentert.

Miamor sa...

Nydlige begge disse to siste innlegga dine, Tone!

De nære ting!

HA EI GOD VEKE!

Tone sa...

Så kjekt at du likte, Miamor. Takk for besøket.