lørdag 24. januar 2009

LITT "FOTO-TRAVELT"

Her i huset er det litt "Foto-travelt" no. Eg tudde eg skulle ha ein del dagar å trene Elements før eg fekk Lightroom, men Adobe leverer kjappare enn dei lovar, så no må Lightroom ha førsteprioritet.

I tillegg har eg fått beskjed om at eg kan begynne å legge ut foto frå Emergenza finalen som eg skreiv om tidlegare.
Det er gøy, men jobbigt å gå gjennom alle bildene eg tok, og hittil har eg berre fått kikka på 2 av banda.

For å få det nokolunde oversiktleg, legg eg i ein blogg etterkvart som eg har fått sortert.

Det var grådig gøy å fotografere Emergenza. Eg lånte eit orntlig bra objektiv av Arne, men det var litt utfordring å bevege seg med eit anna objektiv enn det eg var vant med.


Det er ikkje kvardagskost for meg å få eit grønt armband som fortel at eg kan bevege meg kor eg vil, og det spørst om eg vil få mulighet til å fotografere frå denne vinkelen så mange gonger:


...men gu så lyst eg har til det.

Ta gjerne ein kikk på Emergenza albumet mitt,medan eg tar for meg bildene av neste band.

4 kommentarer:

Petunia sa...

Så kult, Tone! Det skal bli spennende å følge med deg:)

=Anja sa...

Har du hørt om Dagerrotypi???

Tone sa...

Gøy er det ihvertfall, Petunia. Men jammen går det timar med no.
Eg skundar meg alt eg formår med Emergenza bildene, og har fått unna meir enn eg rekna med.

Anja, det hadde eg ikkje høyrt om, nei. No måtte eg jo sporenstreks google. Trur eg skal halde meg til Nikon og Adobe, kvikksølv er jo igrunnen litt skumle saker :)

=Anja sa...

Hahaha:0)