fredag 26. september 2008

Rosa

Eg har berre ein rosa prikk å vise, men tek du ein tur inn til Elisabeth så får du sjå dei rosa sløyfene du kan vinne om du puttar pengar på NETTBØSSA.

torsdag 25. september 2008

HAUSTBLAD SLEPP

"HAUST VED FORTAUSKANTEN"

Når hausten kjem, då slepper trea ublygt blada overalt.
Først litt forsiktig som no,
men vi veit at om ikkje så lenge misser dei alle hemningar.
Då slepper dei alle blada i ei vende
og let dei virvle rundt i haustvinden.

Så står det att der treet
med eit og anna stusseleg blad
på ei og anna naken grein.

...og vi melder oss på julebord.

onsdag 24. september 2008

Kva skjer med sjøbodene?




Eg lurer på kva som føregår no.
Er det arbeid på gang for å sikre sjøbodene.
Blir noko gjort for å få brannsikring på plass?
- For å sørge for ordentleg vedlikehald?
- Kjem det offentlege midlar på bordet?




Eg blir flau.
No skulle vel vi her i Bergen gått inn i ein orntlig brainstorming: Korleis reddar vi sjøbodene?

Etter Skutevikbrannen gjekk det ikkje to dagar før musikkmiljøet hadde planane klare for å støtte dei som var ramma.

Vi andre er opprørt og skremt, men vi sit berre og sørger og ventar på at andre skal gjere noko.
Vi ventar at staten skal inn med midlar, vi forventar at dei som styrer med historie, kultur og "denslags" skal sørge for at noko blir gjort.
Det skal vi forvente òg, men vi behøver ikkje overlate alt til andre.

mandag 22. september 2008

BRANDSIGNAL Gamle Bergen



Det kunne sikkert gå like kjappt med bud som å ringe sentralen.


Eg vil tru dei har moderne brannsikring på plass i Gamle Bergen no.

søndag 21. september 2008

Bygget på Hegreneset.



Dette bygget på Hegreneset fascinerer meg slik at eg trur eg kjem til å fotografere det i senk.
Her har eg fotografert det frå Gamle Bergen.




Dersom du veit noko om bygget håpar eg du deler det i kommentar under her.

torsdag 18. september 2008

ORIGO SAFARIE i Gamle Bergen

Søndag 14.september møtte eg KnutG og Bjørn Tore frå Origo for å fotografere i Gamle Bergen.

A.Skauges landhandel var stengt...

...og når andre klasserom blir opna, då blir klasserommet i Gamle Bergen lukka.
Eg høyrde ei dame utbryte:"Stengt, det er jo en katastrofe!"

:) vel, eg forstår katastrofebegrepet på ein heilt annan måte, men her i Bergen er det ikkje berre på framsida av avisene det blir snakka i store bokstavar.

Ein lørdag heilt annleis enn det som var planlagt.

Denne helga har vore ein einaste lang fotosafarie.
Det starta lørdagen. Eg hadde tenkt å kikke litt på detaljane på Bryggen, men dit kom eg aldri.
Det har seg nemlig slik at eg ville ta ein kjapp tur oppom Sentralbadet først for å sjå om der var noko nytt på veggen.

Eg er bestandig aleine når eg er der, så overraskelsen var , ja på ein skala frå 0 til 10, så sprengde den skalaen då det viste seg å vere full aktivitet der.

Eg hadde havna midt oppi ein graffiti konkurranse.

Nordveggen var nesten tom då eg kom, men det varde ikkje lenge.

Spreke unge menn underheldt.


Og den her dama...



...ho skal til slutt gå hen og vinne heile kalaset!



Vil du sjå fleire i sving kan du kikke HER

fredag 12. september 2008

UBEHAGELEG MANGE BRANNAR I SANDVIKEN

I DAG VAR EG REDD
Forrige helg då det brann i Skutevikbodene tudde eg ikkje Knuts lokale kunne vere i eit brannramma bygg før han vakna og bekreftelsen låg i mobiltelefonen hans.

No då eg høyrde det brann i ei sjøbod på Måseskjæret...eg vart så redd!
Eg hadde denne ferske erfaringa med at vi òg kan bli ramma.
Mitt lokale er i Sandviksboder 73 på Måseskjæret, ansikt etter ansikt dukka opp.
Eg gjekk inn på BT, men der var ingenting om brannen då, men frå balkongen min kunne eg sjå at det var sant, det brenn i Sandviken denne helga òg.
Ansikta frå nr.73, frykten.

Dette var jo eit tidspunkt då dei godt kunne vere der alle sammen.
Eg ville ikkje ut der, men eg måtte vite, og ringde Else som leiger lokalet mitt.
Eg måtte berre høyre stemma hennar
... telefonsvarar.
Straks etter ringde Else.
Aldri har det vore så godt å høyre den stemma.

Det er skummelt mange brannar i Sandviken.
Forrige helg tenkte eg at dette begynner jo nesten å bli litt ekkelt.
No synest eg det er fryktelig ubehagelig, og det må spre seg frykt blant folk som bur i den gamle trehusbebyggelsen der ute.

mandag 8. september 2008

Nokon er heldige

I går trudde eg det nesten ikkje då eg fekk vite at dei hadde mist øvingslokalet sitt.
I dag trur eg nesten ikkje det er sant at dei alt har komme inn i nytt lokale.
The Vengeance party

Dei er berre ett av mellom 40 og 60 band som miste øvingslokalet sitt i brannen.
Fortsatt er nok mange på desperat jakt etter nye lokale.
Eg håpar berre at ikkje eit einaste band gjev opp på grunn av dette.
BA: To millioner i krisehjelp etter brannen

søndag 7. september 2008

Eg har et spørsmål, Knut.

Han har vore på nattevakt, og skal det igjen.
Det er enda ganske lenge før eg kan vekkje han, men eg har eit spørssmål som eg så inderleg gjerne skulle hatt svar på:

I kva Skuteviksbod er det de har øvingslokale?

Det første eg såg då eg gjekk inn på BT i dag var at det hadde vore nok ein brann i Sandviken.Først tenkte eg på bygningane som var gått tapt, og alt som kunne ha gått tapt.Det streifa meg at det er jo i Skuteviken Knut & co har øvingslokale no, men det var først då eg las dette i BA at eg verkeleg forstod at øvingslokalet deira kan liggje som svarte restar i ei branntomt.



Det høyrest kanhende dumt ut, men fortsatt reknar eg med at deira øvingslokale er i ei anna Skuteviksbod.

tirsdag 2. september 2008

Meir frå Asfaltjungelen.

Eg hadde fleire foto med meg heim frå forrige safari.

Asfalten er grå og kjedeleg, men så er det små fargeklattar innimellom som vi ser om vi berre kjem nær nok.
Asfalten minner meg litt om møte med menneske og miljø. Ofte skal vi komme ganske nær før vi verkeleg ser kva for fargeklattar dei er.



2814210568_583f7e63f7_s

mandag 1. september 2008

Fotosafarie i asfaltjungelen

Det var asfalten som vart granska på gårsdagens "foto safarie"
Egentlig er det litt rart at det er ting vi ikkje i det heile tenkjer på at skal vere fint. Med vegar er det somregel slik. Det er ingen designerar som har via seg til veidekke. Jovisst har vi brolegneing enkelte stader, men orntleg designer veidekke, det har eg aldri sett.



Og så måtte eg jo leike meg litt:




2814210568_583f7e63f7_s

søndag 31. august 2008

PETUNIAS FOTOSAFARIE.

No vil eg og bli med på Petunias fotosafarie.

Slik presenterer Petunia FOTO SAFARIE : "Her er det nesten ingen regler eller faste dager å måtte publisere på. Du legger bare ut et bilde på bloggen din av noe du har snublet over på din vei og som du bare måtte ta bilde av. Hvis du skriver "Fotosafari" i emnefeltet/etikettfeltet på bloggen din, så blir det lettere for oss å finne frem til alle safari innleggene dine. Det eneste som forlanges er at bildet er ditt eller at en i familien/bekjent har tatt det og du har fått lov til å bruke det. Fotosafari er med andre ord en utmerket mulighet til å legge ut bilder på bloggen din som du kanskje ellers føler ikke ville passe til de andre tingene du blogger om. Hvis du vil, kan du bruke Fotosafarilogoen over her. Gi meg beskjed når du har laget et innlegg, så kan jeg legge link til siden din sammen med de andre i safarigjengen under her. Kjekt om du deler bildene dine med oss!"


Her finn du Petunia, og der inne finn du òg link til alle som går på FOTO SAFARIE

lørdag 30. august 2008

EIN DAG MED GODE FORMIDLARAR

Eg synest det er så godt å vere i rom med folk som har noko å fortelje og som har dette lille ekstra i måten å formidle på.
Den ferskaste opplevinga eg har med gode formidlarar er frå forrige helg då eg var i Åkra. Eg har alt i posten under fortalt om dei som rodde til kyrkje.
I kyrkja var det først ei kort gudsteneste, ja faktisk rakk presten både ein barnedåp og møte med neste vårs konfirmantar i løpet av ein go halvtime. Når det er sagt, må eg og føye til at han gjorde desse seremoniane nære, vakre og særeigne.


ETTERPÅ VAR DET SONDRE OG LARS ERIK SIN TUR.

SONDRE BRATLAND
Sondre er god å høyre syngja, men ei stemme god å høyre på er ikkje mindre verdt når du skal fortelje.Han er slik ein lun god forteljar Sondre.
Denne dagen opna han med å lese "So rodde dei fjordan" av Aslaug Vaa, og i fortsetjinga veksla han mellom å syngje og å fortelje om blåtonar, tradisjonar og tradisjonsberarar.

Åkra har og ein lokal formidlar,Lars Erik, som både har stoff å formidle og er kvikk i replikken. Det var så artig å høyre på desse to. Sondre med tonane som tema, og Lars Erik som fortalde om kyrkjebygget, fulle av humor begge to. Dei kunne fortalt om kva som helst og vi ville ha sete der utan å falle i søvn.

LARS ERIK TJELDFLÅT

Eg skulle ynskje eg ofte var i rom med menneske fulle av små forteljingar.

tirsdag 26. august 2008

KYRKJEREISE I ÅKRAFJORDEN

Dei starta grytidleg desse roarane.
Som folket på Rullestad gjorde i gamal tid, gjekk dei den timelange turen ned til Fjæra for så å ro til kyrkjesundag i Åkra.


Det var bygdelaget i Åkra som saman med soknerådet arrangerte ein kyrkjesundag som i gamal tid.

SO RODDE DEI FJORDAN
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strondi.
So rei' dei lidan, so vassa dei sundi

Og heggeliljune duppa i bakkan,
Paa kyrkjegolvstiljune inn svinga stakkan'

Det var Liv og Tone, og Rannei og Gyri,
Og Gamla paa Fjone, lett trippa fyri.

Det var Knut og Livaar, og Sveinung og Tore,
Og buggen sin Styrkaar fraa Utigaard Jorde.

Og inn dei seg sessa paa kvaare si side,
So lydde dei messa men tanken ro/k vide.

Og Knut saag paa Tone, og Rannei paa Livaar,
Og Gamla paa Fjone laut tenkje paa Styrkaar.

Daa klokka ho klemta og kvendi sukka
Og karane kremta og ut dei seg tukka.

Og sunnan og norran dei helsa i hendan
So rodde dei fjordan, so køyrde dei strendan.

Aslaug Vaa.

lørdag 16. august 2008

SE OG HØR dekker det meste.

Endeleg noko Se og Hør dekkar bra.

mandag 28. juli 2008

BYBANEN BRINGER FARGAR TIL LANDÅS

Ja, eg veit det er stygt,
men eg synest det er vakkert!!!

Her eg bur er det full fart i bygging av bybanen. Det blir ein del sår i naturen, men desse fargane som fylgjer med, dei gjer meg glad.
Fargane og linjene, eg nyt å komme over noko slikt.
Å, som det oransje lyste i sola, ei oppkvikkande linje mot det grøne. Eg synest det er så spennande, og likar kontrasten mellom naturen og denne oransje stripa.


Gulfargen er like gul her som på smørblomsten, eg tek imot det den har å gi eg!!

søndag 27. juli 2008

"SOMMARFUGL"




Eit tre fullt av småfugl var noko av det første eg støtte på då eg kom ut i dag.
Eit tre fullt av småfugl, like sommarvarme-dorske som oss andre.


onsdag 11. juni 2008

KOR I ALLBERGEN?

Veit du kor i Bergen dette er?

tirsdag 3. juni 2008

TIL MERETE og andre som vil sjå gatekunst i Bergen.

Eg er ikkje sikker, Merete, men eg oppfatta det slik at det var gatekunst og graffiti du var interessert i å få nokre (8-10) tips om.
Vel her kjem de i tre første. Dei er fort gjort å finne.

TORVALLMENNINGEN er jo ein grei stad å starte.
- her vil du finne noko på Narvesenkiosken.
- så kan du gå mot Torget. La Bryggen vere Bryggen, og gå heller i den andre retningen, der hurtigbåtane legg til.
Når du er klar for å runde hjørnet der du kan kjøpe støvlar og sydvest har du alt funne 3 DOLK.

Eg vil ikkje vise deg kva for nokon det er, for då blir det jo ikkje så gøy, men den eine av dei er ein annan variant av denne som står i Øvregaten

mandag 2. juni 2008

SESONG FOR UTFORDRINGAR.

Eg har blitt utfordra av Beate
1) Hva gjorde du for ti år siden?
2) Hva er 5 ting på å- gjøre- lista mi i dag?
3) Snacks jeg liker:
4) Ting jeg ville gjøre dersom jeg var millionær (eller billionær)
5) Steder jeg har bodd:
6) Disse folka vil jeg vite mer om:

10 år - hm, då budde eg i Kvinnherad, men tumla med planar om å flytte til Bergen.Arbeidde som miljøterapeut ved Dagsenteret i Herøysund sammen med mange gode kollegaer som eg ofte saknar.

5 ting på å gjøre lista for i dag.

Eg skal hente mobiltelefonen som eg miste på Stadion under BRANN - MOLDE kampen på lørdag.
Og eg skal sjå AMBRA, Charte Blanche & Island Dance Company
Eg skl og fylle litt i kjøleskapet
Eg har nokre foto filer som skulle vore sendt
- og eg skal gjere denne posten ferdig.

SNACKS,- egentlig så liker eg best frukt eg.

HVIS EG VART MILLIONÆR JA.

Eg skulle fort som flyet skaffe meg PhotoShop.
Og eg skulle reise.
Og eg skulle gi bort ting eg kjem over som eg får lyst å gi bort.
Teaterstykke eg likar ville eg sjå gong på gong, på gong.
...
Hvis ikkje alt røyk straks i større bolig

Eg har budd i Kvinnherad,Stord,Karmøy og Bergen.

Vil vite meir om.
Eg har lyst å utfordre dei som stikk innom å gripe stafettpinnen eg.Håpar nokon føler seg kalla, og gi eit hint om det i kommentarfeltet her då slik at eg og andre finn deg.

EIN BLOMST TIL GRETHE


TAKK FOR I GÅR, GRETHE!!

søndag 1. juni 2008

PICASSO i Bergen er snart historie.

Berre ei påminning til alle som har tenkt å sjå Picasso enda ein gong.
8.juni er siste sjanse!

Bergen kunstmuseum

mandag 26. mai 2008

!!!!!!! ADVARSEL !!!!!!!

Er du, eller blir du beden om å vere Gudmor så vil eg berre åtvara. Følg barnet opp på sjikkele vis. Eg snakkar av erfaring.
Det kan fort la seg straffe om du slurvar.
Neida dåpsbarnet kan vekse opp og bli ei flott jente eller gut sjølv om du slurvar.

Eg har vore gudmor for to flotte jenter.
Og det er ikkje mi forteneste at dei blei som dei blei.

Det kan gå så fint, dei kan gå der utan å sutre og klage, du merkar lite til misnøyen.
Så plutseleg som lyn frå klar himmel kjem hevnen, og hevnen er ikkje søt for deg.
Du sit der i triveleg lag, ikkje midt i kyrkjetida, men med barn og kamera tilstede, og vips har den hevngjerrige fortare enn svint tredd eit RBK sjal om halsen din.

Foto:Knut Åkra
Det var jo enda godt at sjalet ikkje var blått og raudt.




Kva som skjedde med fotografen?

mandag 19. mai 2008

TIL ELISABETH

Desse beina fann eg 16.mai.
Eg drog til sentrum og forventa eigentlig å sjå ein og annan bere blå supporter-effektar.Bortsett frå politi i blå skjorter var dette det eg fant av blått.
- Og her var det ikkje berre blått gitt!!

Eg kunne jo ikkje ha gjeve Elisabeth ein Vålerengen supporter, men fargesprakande klovnebein, det kan ho få sjølv om ho ikkje er den som har minst fargar frå før av.
Ho er slett ikkje dårleg utrusta når det gjeld sko heller, sjå berre her.

Elisabeth, dette måtte jo bli gåve til deg med Regnbuestinga!

tirsdag 13. mai 2008

Eg fann eg fann - den herligste barnekunst



På turen min i går gjekk eg forbi Fridalen skole og vart overraska av fargar som lyste bak buskar og på betong.


SLIDESHOW.

Mitt bilde av Fridalen skole har vore
- den nedleggingstrua skulen
- skulen som treng så sårt til oppussing.
No har eg eit heilt nytt bilde av denne skulen. Det er skulen elevane har sett sitt preg på. Dei har gjort det som kunne sett ut som ein fengselsmur til ein mur med ein port ein kunne tenke seg å opna og gå inn.

mandag 12. mai 2008

Ta ein kikk på kvinnene i Bergen og Oslo.

Kvinnehistorisk natt vart arrangert for første gong i Oslo, for tredje gong i Bergen 8.mai 2008.
Kvinnelege heltar får prege byen.
Ta ein kikk når du er i sentrum så finn du dei nok.
Under Smørsbroen finn du mange, men der er kvinner overalt i byen no.


Björk er ei av mange store kvinner som vert hylla ved å bli vist i byrommet.


FOTO:
Kvinnehistorisk natt 2007 Bergen
Kvinnehistorisk natt 2008 Bergen
Slideshow

Tenk om bybanens stoppestader kunne få namn etter kvinnelege heltar?
Det hadde vore greier.
Det hadde vore heilt på sin plass!