fredag 2. januar 2009

2008 VAR

2008 var året då
- vi feira June sin konfirmasjon
- og Majas konfirmasjon.
og eg skifta ut Corollaen som eg hadde hatt i 20 år
...og fjernsynet eg hadde hatt i 26år.

2008 var året
bybaneskinner vart lagt i Bergen

2008 var året
då ydmykinga av det Palestinske folket heldt fram, og enda med bomber over Gaza.

2008 var òg året då 550 bergensarar deltok i fakkeltog for å vise sympati med det palestinske folket i Gaza, og markere avstand til Israels langvarige okkupasjon av Palestinsk jord.

2008 var DET året
Brann ikkje vann serien, Mjelde gjekk og Nilsen kom.

2008 var året
då eg fortsette å fotografere,
men ikkje måla.

2008 var året
då eg var på Steve Harley konsert.

2008 var året
eg omsider skaffa meg palestinasjal.

2008 var året
Obama vart vald til president,
mange fekk eit nytt håp
...og eg trur han berre er nok ein amerikansk president.

men, vel, la oss håpe.

2008 var året
Madrugada gav ut "Madrugada",
la ut på den turneen dei ikkje skulle på,
og heldt sine påstått siste konsertar.

2008 var året
då finanskrisa fekk meir oppmerksomhet
enn situasjonen i Kongo, miljøutfordringane vi står overfor, situasjonen i Palestina...

2008 var året
eit av mine foto vart brukt i ei lærebok
fagbokforlaget fekk tillatelse til å bruke eit av dei på eit bokomslag,Aftenposten fekk bruke foto frå "Kvinnehistorisk natt" og NRK fekk bruke foto frå bloggane mine.

2008 var året
eg møtte folk som er interessert i å fotografere.

2008 var året
eg hadde ein nydelig Vågslid tur med Jon og Tina.

2008 var året
eg og Knut hadde ein helig kopp kaffe i solsteiken.

2008 var året eg og Elisabeth titt og ofte gav lyd frå oss på Brann stadion.

2008 var året
då eg høyrde Knut i Logen med det nye bandet.

2008 var året
eg var på fine konsertar sammen med Grethe.

2008 var året
med skumle, men gøye fotooppdrag.

2008 var året då det var så mange nydelege vinterdagar,
så mange nydelege sommardagar
og det vart dansa i Teatergate kiosken.

2008 var året
då avdelinga Knut jobbar på flytte frå Haukeland til Sandviken sykehus.

2oo8 var året
då det heilt på tampen av året dukka opp temaet som eg vil jobbe med.

8 kommentarer:

Petunia sa...

Godt nytt år!
Det er rart å tenke på hvor for året går, men når man setter seg ned og tenker etter, så inneholdt året også ganske mye også. Man bare glemmer detaljene i rushhet etter å komme videre...
2008 var jo et innholdsrikt år for deg, og bare vi andre kjenner ekstra godt etter, så er det nok det for oss også.
Klem

Tone sa...

:) Ja, Petunia. Du kunne nok fylle ein del sider med 2008. Heilt sikkert!

Irene sa...

Godt nytt år! Det er en award til deg i bloggen min.

merete sa...

Godt nytt år, Tone!

Så flott at foto-drømmer blir realitet! Men så jobber du hardt!!!

Vi hørte drønnene over fjorden og diskuterer om det er festings-krutt eller bakkefyrverkeri som kan "bråke" slik...
Nå har mannen fått seg "skikkelig" kamera, og jeg følger hakk i hæl. Dette blir gøy!

Petunia sa...

Jeg har lånt et bilde av deg i et innlegg på bloggen min i forbindelse med Fotosafari. Håper det er grei.
Hvis ikke gi meg beskjed:)

Petunia sa...

Håper det er greit - skal det stå;)

Helle Kjersti sa...

Nå er jeg spent på hva temaet er, men det vil kanskje vise seg etterhvert. Godt nytt år i alle fall. -Til deg og Knut!

Tone sa...

Ja, Merethe, det er gøy å fotografere og at bildene blir brukt :)
No er det fotoredigering eg må gå laus på, har lasta ned ein prøveversjon av Lightroom2, og bør nok ha det i tillegg til Photoshop.

Heilt greit at du har plukka foto, Petunia, og den posten var orntlik kjekk å sjå på. Eg har ikkje fått fulgt alle linkane, men besøker npk den posten igjen.

Og Irene, mange takk for award, det var jammen overraskande.

Helle, eg veit ikkje om eg skal snakke så høgt om temaet, egentlig er det eit tema som har vært tilstede i heile mitt vaksne liv, så det er igrunnen utrulig at eg ikkje har sett det som tema før :)