
Det er lenge sidan sist eg gjekk til by’n, men det er ein fin tur, og eg har jo slett ikkje vondt av det.
Og så finn vi jo alltid noko langs vegen
Denne “melis boksen” har eg lagt merke til når eg fer forbi i buss eller bil. Melis har elles sett spor etter seg både på lovligveggen på sentralbadet og ved Smørsbroen.
Og denne fyren eg møtte i Haukelandstunnellen er eg igrunnen glad eg ikkje kjenner personlig.
Stakkar Susann! Eg veit ikkje om ho er slengt eller plassert på gata.
Eg forlot Susann og gjekk mot Sentralbadet. Aktivitetsnivået er høgt der på denne tid av året.
Eg var alt i utgangspunktet begeistra for linjene og flatene i denne piecen.
Då eg kom tilbake kort til etterpå og tittelen på ein av mine favorittromanar var blitt ein del av den smelta eg jo.
Har du ikkje lest “Ut og stjæle hester” så løp til biblioteket. Det er ein nydelig, velskreven roman.
Eg fekk ikkje sjå denne heilt ferdig, og heller ikkje desse under.
Det er mange aktive på veggen no, og ein piece får ikkje stå lenge. Litt synd for det er mykje arbeid og heilt sikkert litt trist å sjå det forsvinne like etter at dei er ferdige. Samtidig er det kjekt at det er så mykje aktivitet, og at vi stadig får sjå nye ting.
Eg trudde ikkje det skulle bli meir fotografering då eg putta kameraet i veska og gjekk for å ta bussen heim. Det var før eg kom inn i Sigurdsgate.
Der stod desse to, som eg mangla i C215 samlinga. Eg visste dei befant seg ein stad i by’n, men ikkje kor dei stod.
C215 er ein fransk gatekunstnar som besøkte Bergen i mai, og har etterlatt seg mange nydelige stencils som verkeleg gjer enkelte av gatene her meir interessante. Eg anbefaler å ta ein kikk på resten av det eg har lagt ut her.
Det var søndagsturen. Kanskje eg skulle gå på fjellet neste søndag :)
Medan mennene lagar bybane Photoshoppar eg.
JA, Photoshop installert, og eg som hadde tenkt å vente til hausten før eg begynner å shoppe var ein tur innom og vart hekta.
Eg har ikkje lært så mykje enda, men ah…det er gøy. Og det er himmelsk å tenke på alt eg skal lære. Men no får eg bruke det eg har lært.

Slikt hår har eg ønska meg i 30 år. Eg gjekk faktisk til frisør og bad om blått hår ein gong, men ho forstod ikkje kva eg meinte, – Bliz var så langt borte.
Oi-Oi festival er gøy.
Eg får aldri med meg alt som føregår, men eg får alltid med meg noko.
I år fekk eg med meg Bergmund Waal Skaslien, Anja Aubert Bang og Kristine Solberg som, strødde lyd i Bergen.
Allslags lyd.
Eg høyrde kattar, dører som trong å bli smurt,
og lydar vi slett ikkje vil høyre rundt bordet.

Eg skal ikkje presentere berre graffiti og gatekunst i ABC i bilder, men Cantwo må få bli med når vi først har C i alfabetet. (Oy, neste veke er det D, puhu, greier eg å halde meg unna DOLK?!)
Sjølv om eg fotograferer graffiti her i Bergen kjenner eg ikkje til mange store writers, og Cantwo var ukjent for meg inntil i haust då han var invitert til Bergen som juryemedlem i graffitikonkurransen som gjekk av stabelen i september.
At fyren kan sine ting er sikkert
Her er den ferdige piecen, 25 års erfaring ligg bak denne…
…og nokre timars jobb
Medan gatekunstnaren brukar sjablong, skissar writeren og malar så direkte på veggen.
Det finst utallige typar dyser, du kan få dyser som gjev tynne,tynne linjer. Eg har lese at Cantwo berre bruker to forskjellige dyser. Sikkert greit å greie seg med to, for det må vere litt av et pes å ha altfor mange å veksle mellom.
Det er faktisk slik at eg angrar at ikkje eg òg har ei trøye signert Cantwo. (Eg fleipar ikkje)
Dette siste bildet synest eg egentlig er det gøyaste , men det er første gong eg legg det ut i blogg.
Her i GRAFFITI BERGEN er tre postar frå denne graffitikonkurransen
Det er første runde i ABC i bilder.
Under bokstaven A var det lett å velje. A for ARAM som er ein av gatekunstnarane som har pynta byen vår. Den av våre gatekunstnarar vi veit ein del om er DOLK, ARAM derimot veit vi lite om. Eg har fått ein mail frå ARAM ein gong, den var skreven på engelsk, så eg gjettar at denne gatekunstnaren ikkje kjem fra Bergen…men kven veit?
Denne stencilen står fortsatt i Kalfaret, og eg håpar og trur at den får stå der til vær og vind har fjerna den.
Det blir meldt frå La Manga at Håkon Opdal er i full trening. Kva for ein odding får vi sjå på Staddaen i 2009? Får vi sjå Opdal på sitt beste, eller enda betre enn han var på sitt beste?
Han var matchvinnar i ganske mange kampar i 2006 og 2007, og det vil hjelpe ganske mykje om han kjem tilbake til sitt gamle eg. Eh, vel Håkon, det var noko med utspela då, det var ikkje alltid like pent.
Men jøss, du var god!!!! Veldig god!!!!
Og kven blir kaptein?
Her er dei to siste.
Eg trur Eirik Bakke held fram som kaptein.
Vi har sett Bergen gå av hengslene.
Det er ikkje lenger sidan enn at vi minnest korleis det er.
Eg trur noko om 2009, men det kan eg jo halde for meg sjølv.
Men vi kan håpe
vi kan drøyme
og synge
Og måtte det berre runge “Værdens bæste keepår” over Staddaen igjen!!!!!
Det er ikkje slik vi tenkjer oss vinterbilde av krukka i Tveitevannet. No i februar 2009 er det slik vi har det her.
Dei fleste prøver å få fuglehusa til å gå mest mulig i ett med miljøet.
eg elskar desse fargeklattane
og snøen
Normalt liker eg best at snøen ligg slik til at vi må oppsøke den. Men når den ligg slik dag etter dag, den verken kjem eller går, då er det berre himmelsk.
Desse er henta fram frå fotoarkivet, dei er frå april 2008, og er blant dei som måtte fram før eg fangar ny snø og kulde.

Så sprøtt! I gå såg eg denne videoen i to bloggar, først hos Miann. Konstaterte at det der var jammen ein kul video, litt småmisunneleg, for eg skulle gjerne lagt den ut sjølv.
Nokre timar seinare dukka samme video opp i ein av bloggane eg besøkjer ofte, “World of Stencils”, – og dermed var det gjort, no blogglegg eg den òg.
“The Reverse Graffiti Project” har dei kalla den, men eg synest den har meir felles med stencils. Han lagar sjablongar, men vaskar i staden for å male.
Artig er det ihvertfall! …og fint.
Når temaet er rund, ja så er det vel ikkje til å unngå at eit foto frå Staddaen blir henta fram. Det som jo er litt ille er at her går ballen i feil mål.
Seinare i kampen havna ballen i riktig mål, men foto, nei det har eg ikkje.
Kven har vel eit kamera midt i trynet når ballen befinn seg på riktig banehalvdel?
…og nå er det snart på ‘an igjen!!
Tidlegare brukte eg Hobbyboden ganske flittig, så vart det ein del forandringar der inne, og eg kom liksom ut av det. No kjem eg nok til å droppe innom oftare, og ein ting eg har tenkt å bruke er Fotoalongen.
Tema i februar er:
1. Fremkomstmiddel
2. Vinter
3. Blå
4. 15 minutter hjemmefra. Gå, løp, sykle, kjør 15 minutter fra inngangsdøren din. Hva finner du der?
5. Kaldt
6. Rund
Eg synest det er fine tema Lise har funne.
Inne i forumet skal det vere nye foto som blir lagt ut, men eg vil bruke alongen for alt den er verdt. Derfor gjer eg litt ved sida av forumet. Eg liker å hente fram foto eg har teke før, og då eg såg at sirkel sorterte under rund dukka det opp ein del foto i minnet mitt. Foto eg fekk lyst til å kikke på igjen.
Eg er litt glad i denne kvernsteinen som prydar veggen på Hæggernes Valsemølle.
Eg gløymer aldri første gong eg såg denne stencilen. Den er veldig stor sammenlikna med det vi elles ser av gatekunst her i Bergen, den hadde liksom overteke et heilt hus. Veldig mykje gatekunst føyer seg liksom inn i miljøet, men denne overtok det heile.
Det er den polske gatekunstnaren m-city som står bak dette verket, og her er det lagt ned mykje arbeid, her har han brukt mange små sjablongar. – Og dette er ulovlig, så dei må jobbe kjappt. Her er foto frå m-city’s side, der blir det vist foto frå då dette verket kom til Bergen, og her ligg to av mine foto. m-city har besøkt Stavanger òg, sjå på dette!
Denne finn du like ved Sentralbadet.
…og så: Den aller beste!!







Fotocollage Mauricio Planel
Det er PETUNIA som ledar troppane på fotosafari. Du fotograferer det du vil, og legg det ut når du vil.